Det er over tre år sidan ChatGPT vart lansert, og KI-bylgja skylde inn over oss. Store språkmodellar produserer no enorme mengder tekst. Samstundes er dei konstruerte slik at dei ikkje har eit sikkert forhold til fakta: Dei bereknar sannsynlege formuleringar – ikkje kva som er sant. Difor vil dei alltid kunne skrive ting som ikkje stemmer med verkelegheita. Ein kan ikkje fullt ut stole på språkmodellar.
Store norske leksikon er skrive av menneske, utan KI. I ei tid der mengda automatisk generert tekst aukar raskt, blir verdien av redigerte og kvalitetssikra kunnskapsbasar endå tydelegare. Anten ein treng faktasjekk eller faglege analysar, er SNL ei trygg kunnskapskjelde. Slik har det vore i over hundre år.
I år markerer vi 120-årsjubileum. Røtene går attende til 1906 og utgjevinga av Illustreret Norsk -Konversationsleksikon. Prosjektet har heile tida vore det same: å gjere påliteleg kunnskap tilgjengeleg for ålmenta. Vi står i ein tradisjon som kan førast tilbake til leksikonprosjekta i opplysingstida, der målet var folkeopplysning.
Som heildigitalt nettleksikon blir SNL brukt mykje i skule og høgare utdanning. Det siste året har òg kjennskapen auka mykje i eldre målgrupper. Samstundes bidreg fleire fagfolk enn nokon gong. Over 1300 ekspertar, forskarar og formidlarar skriv og oppdaterer artiklane våre.
For litt over eitt år sidan lanserte vi Vesle norske leksikon – kortare artiklar skrivne i eit enklare språk. Sjølv om mange trudde tilbodet fyrst og fremst var retta mot yngre lesarar, ser vi at det blir brukt breitt. Både artikkelmengda og lesinga har auka mykje sidan lanseringa. Oppstartsperioden har vore finansiert av private stiftingar og fond, og vi har førebels ikkje lukkast i å sikre fast offentleg finansiering.
Samstundes har vi opplevd ei ny utfordring: Googles -«KI-samandrag» i søkjeresultata. For fyrste gong ser vi eit markant fall i trafikk til hovudleksikonet. Vi ser òg at KI-samandrag feil-siterer, forenklar på ein måte som ikkje stemmer med artiklane våre, eller diktar opp fakta – sjølv når SNL blir oppgjeven som kjelde for dei genererte tekstane. Det gjev grunn til sterk uro.
Årets oppmoding er enkel: Klikk deg vidare til dei faktiske kjeldene. Les originalartiklane, anten hos SNL eller andre redigerte og pålitelege nettstader. Det er avgjerande for å unngå feilinformasjon – og for å sikre norsk kunnskapsberedskap i ei tid prega av automatisert tekstproduksjon.
Erik Bolstad, dagleg leiar, sjefredaktør
Knut Olav Åmås, styreleiar
Dette er innleiinga til Årsmelding 2025