Gjesteinnlegg fra Reidar Astås – Leksika i mitt liv

Reidar Astås er Store norske leksikons utrettelige feiljeger. Hans navn gjenfinnes i endringsloggen til de forskjelligste artikler som Øst-Timor-historie, Benvenuto Cellini og Dag Solstad. Han har på oppfordring skrevet et gjesteinnlegg til bloggen og kommer høyst sannsynlig til å påpeke en skrivefeil i denne redaksjonelt forfattede ingressen.

Vel fem år gammal lærde eg meg å lesa, og frå då av var bøker ein viktig del av livet. Eg stridde som ein helt for å sleppa gå på skulen, men hausten 1938 var det ingen veg utanom. Bygdene Solesnes og Svåsand på sørsida av Hardangerfjorden hadde gått saman om å skipa grendeskule og byggja skulestove. Lærarbustad vart sett opp like ved. Det var to-delt skule der med frammøte annankvar dag.

Å høyra på leseopplæringa fylte meg med drepande keisemd. Til all lukke fanst det ei lita bokhylle i det avlæste materialrommet. Der kunne dei lesekyndige finna gode bøker på begge målformer. Men då eg studerte boklista, kom eg over eit verk som eigentleg skulle stått i hylla, men som aldri var på plass. Det bar same namn som fruktsaltet Nyco, som eg visste hjelpte mot halsbrand. Kvar var denne boka, som eg var så nyfiken etter å sjå? Eg gjekk på læraren og spurde. Til sist måtte han ut med at han hadde teke verket heim til lærarbustaden, for ingen hadde nokon gong spurt etter det. Det var ikkje til utlån, sa han. Men då han skjøna kor viktig det var for meg å finna ut kva ord og omgrep bar i seg, gav han meg lov til å låna det heim.

Ein dag gjekk eg frå skulen med skatten i ranselen. Å, for ei festtid det vart! Eg drog fram den tjukke mursteinen med mjuk, brun skinnrygg, bladde og las, las og bladde, seint og tidleg. Seinare fekk eg låna det fleire gonger, og eg kan klårt minnast dei lukkestundene det gav meg. Verket var i octavo og bar tittelen Nyco konversasjonsleksikon. Det var utgjeve i 1935 på Cappelens forlag i Oslo av Øivind Anker og Rolf Haffner og var på XI + 1539 sider. Her var illustrasjonar, fargeplansjar og kart, og heile 35000 oppslagsord å fråtsa i. Verket nærde sterkt kunnskapslengten hjå ein som ikke hadde råd å gå på skule, og som ikkje såg utsikter til anna enn å gå inn i arbeidslivet så tidleg råd var.

Men så vart det mogleg å koma seg på realskule, og då greidde eg til og med å verta eigar av Gyldendals nye konversasjonsleksikon som kom ut våren 1948. Hovudredaktør var professor Leiv Amundsen. Eigarlukka frå den tid sit sterkt i meg 62 år etter. Verket hadde 4608 spalter fulle av kunnskap, og det vog 4 kilo. Ein gong eg las i det på gymnashybelen min i fjerde etasje i Håkonsgaten 7 i Bergen, miste eg det i golvet med eit fælsleg brak ved midnattstid. Morgonen etter spurde vertinna, fru Krogh, om eg hadde høyrt eit torebrak kvelden føreåt. Eg kunne med godt samvit seia at det hadde eg ikkje. Dette tunge leksikonet var kjær eige for meg i mange år, men til sist overlet eg det til ein morbror som også var kunnskapshungrig, men som aldri hadde fått høve til å ta utdanning ut over folkeskulen. Då var eg i full gang med abonnement på Aschehougs konversasjonsleksikon. Seinare skaffa eg meg neste utgåve. Så vart Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon min faste rettleiar, og no står 4. utgåva av verket på heidersplass i stovebokhylla.

Då nettleksika etter kvart tok seg opp og vann form, vart desse ein langt lettare veg til kunnskap enn papirutgåvene nokon gong hadde vore. Mangfaldet vart større, og gjorde det mogleg å samanlikna ulike måtar å leggja til rette kunnskapsstoff på. Dette kravde auka kritisk sans både i møte med og ved bruk av tradisjonelt leksikalt stoff. Eg har med uro sett døme på at kvalitetskrava som hadde vorte norm for førande papirleksika, kan vera svekka. Det gleder meg at Store norske på nett legg lista som før.

6 svar til “Gjesteinnlegg fra Reidar Astås – Leksika i mitt liv”

  1. Etter påpekning fra Reidar Astås er mellomrommet mellom Øst-Timor- og historie sløyfet. Og jeg som hadde lest korrektur ; ) Godt å vite at det er noen her som passer på.

  2. Reidar. Takk for morosam lesnad. Kvalitetskrava treng ein ikkje sjå bort frå, men eg kan tenkje meg å gjera netteksilkona folkeleg. Kven som helst må får oppleve gleda over å skriva på nett. Vi er jo mange nettbrukarar og saman kan vi hjelpe kvarandre med rettskriving, kommareglar og ikkje minst: manglende eller feil plasserte mellomrom.

  3. Folkelig er viktig – det er kanskje den største svakheten i dag, mens pålitelighet er styrken til leksikonet. Med moderne teknologi blir leksikonet også folkelig. Kvalitetsartikler av fagfolk har ofte mange tunge setninger og vanskelige ord. Med lenking, illustrasjoner og forklarende multimedia skal dette bli bedre.

  4. Reidar Astås er gått bort, men etterlet seg eit fantastisk livsverk. Eg var så heldig å kjenne han frå barndomen og hugser at han lærde seg Snorres kongesoga utanat, me kunne be han sitera frå ei side og det kom ordrett, ord for ord. Det er med djup saknad og respekt eg lyser fred over Reidar Astås sitt minne. Joar Olsen, Sandefjord.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *