Vi bloggar på forskning.no

Store norske har begynt å blogge hos Forskning.no. Dette er plassen å følgje for alt nytt og spennande som skjer i norsk forsking, og dei er ein viktig samarbeidspartnar som oss.  Første blogginnlegg på Forskning.no kan du lese her. Der skriv vi om at Noreg på mange vis har to tangerande offentlege sfærar: Éi for fåtalet i kultur og akademia, og éi for fleirtalet på nettet. Den samla kunnskapen folk finn på nettet er avhengig av kven som er aktive der. Kunnskaps-Norge har eit ansvar for å vere til stades på Internett for å diskutere og formidle. Då treng dei gode arenaer å vere på. Så langt erfarer den nye redaksjonen i Store norske at det er enkelt å rekruttere fagfolk til leksikonet. Dei liker å bidra når dei har ein redaktør og ein utgivar. Dei har lyst til å formidle under fullt namn, slik at dei blir kjelder folk kan referere til. Dei ønskjer å ta formidlingsansvar for faga sine. Dei har lyst til å skrive når dei erfarer at artikkelen dei skriv straks blir synleg på Google. Då heile landet lurte på kva det skal bety at massemordaren var “strafferettslig utilregnelig”, var det Store norske som forklarte det på toppen av Google, slik tilfellet er med mange norske fagomgrep. Same dag hadde vi vår så langt mest leste dag, med 68 000 lesarar. Folk ville vite kva paranoid schizofreni er.

Vi ser at Store norske leksikon har sjansen til å byggje bru mellom den breie, opne møteplassen på nettet og diskursen som eksisterer i akademia. Vi vil ha kunnskaps-Noreg til å delta på nettet for å gjere informasjonen folk finn gratis enda betre. Samtidig kan alle lesarar finne feil, stille vanskelige spørsmål og rope ut når keisaren ikkje har klede på. Vi vil gje norske fagfolk til Internett, men vi vil også gje Internett til fagfolk. Det er visjonen vår, og vi er allereie på veg. Vi ser det som eit viktig bidrag til demokratiet.

4 svar til “Vi bloggar på forskning.no”

  1. Hei. Jeg satte meg ned for å finne måleenheten/definisjonen på STOLPEMÅL. Men den fant jeg ikke. Kan dere finne ut av dette og få det med i Store Norske Leksikon? Takk.
    Godt Nytt År!

    Mvh, Elisabeth.

  2. Takk for det og ditto!
    Du kan elles stille spørsmål og stille forslag inni leksikonet. Med nytt grensesnitt kjem vi til å gjere det enklare å skrive inn framlegg heilt nye oppslagsord. Her ser du kva vi har på vekt og mål: http://snl.no/.taxonomy/58
    Som du ser manglar vi fagansvarleg her, men vi skal straks prøve å finne ein som kan røkte dette feltet.

Stengt for kommentarar.