Politisk dagbok – kapittel 1

I mange månader har vi i Store norske hatt nesa djupt nede i teknisk utvikling. Framleis sitt ein del av oss der, for det er langt ifrå ferdig. Tvert imot er det masse teknisk som haltar og skranglar, til stor frustrasjon både for redaksjonen og for dei som skal skrive. Så kva er det som hastar så grueleg å syne fram at vi valde å lansere før alt er klart? Jo: Det er ideen vår. Forteljinga vår om kva Store norske er i ferd med å bli. Det hastar fordi det berre er halvanna år til politikken må ta ansvar for at Store norske leksikon skal leve vidare.

Måten folk søkjer kunnskap på har endra seg. Alle forventar gratis tilgang til kunnskap på nett. Derfor har Store norske leksikon endra skrivemodell og publiseringsmåte. Men offentleg støtte til kunnskapsformidling har ikkje endra seg. Enno. Leksikon kan ikkje vere til sals som før. Kunnskap som er til sals kan ikkje lenkast til og spreie seg på nett. Men lesarane er like mange sjølv om pengeskiftet manglar – ja, dei fleire! Kvar dag er det 50 000 menneske som les Store norske leksikon. I løpet av ein månad har vi ein million unike brukarar.

Leksikonet er med andre ord ikkje ei verneverdig plante vi må skjerme for at ho skal overleve i nettsamfunnet. Det har framleis verdi: Samfunnsverdi. No, etter relanseringa, har vi starta jobben med å vise og forklare kva vi tilfører det norske nettsamfunnet. Artig nok (for politiske dyr) er det Finansdepartementet som er aller først ute med å omtale oss som samfunnsviktige, og det i sjølvaste Finansmarknadsmedlinga.

Det tredje beinet

Finansdepartementet skriv om SNL: «Den demokratiske ålmenta er avhengig av å verta styrkt på Internett, som er den nyaste og minst utvikla av kanalane for demokratisk deltaking. Store norske leksikon har som mål å skapa ein tydeleg arena for kunnskapsbasert ordskifte»

Det norske samfunnet kviler på tre bein: Det offentlege, det private og den tredje sektoren; organisasjonane som forvaltar ideelle, ålmenne interesser, oftast med offentleg støtte. Alle tre beina trengst for å halde demokratiet oppe. I det norske nettsamfunnet er det tredje, ideelle beinet langt svakare enn på dei tradisjonelle samfunnsarenaer. Skal dei ideelle interessene vakse seg store også på nett, må offentlege pengar gje rom for nye tiltak, for innovasjon. Til dømes: Det er få som tviler på verdien av offentleg støtte til kunnskapsformidling “på gamlemåten”. Førelesingane ved (dei offentleg finansierte) Universiteta er opne. Det finst støtteordningar for papirpublikasjonar. Men for nettsamfunnet manglar politikarane framleis vilja og tiltaka for å la kunnskap sive ut av dei akademiske krinsar og inn i det offentlege rommet.

I dag søkjer folk først og fremst på nett for å finne kunnskap. Då må kunnskapsberarane vere synleg til stades. Dei bør ha ei klår rolle i den offentlege nettsamtalen. Sjølvsagt kan forskarar agere på nettet som einskildpersonar (i bloggar eller aviser). Men då er oppgåva blitt privatisert. Ingen strukturar sørgjer for at denne ålmenne interessa blir skjøtta. Om kunnskaps-Noreg ikkje har strukturar for å delta i nettoffentlegheita, råkar det rett i kjernen av samfunnsbygginga. Vi skaper ei kløft der dei som skal forvalte kunnskap ikkje leverer innhald på arenaen der folk søkjer, lærer og diskuterer. Det hindrar tilgang til kunnskap. Det svekkjer kvaliteten i utdanninga. Det undergrev norsk som fagspråk. Det gjer det offentleg ordskiftet mindre opplyst. Vi får éin debatt for kunnskapseliten, éin for nettet. Det svekkjer demokratiet.

Kunnskapens infrastruktur

Det neste året skal Store norske leksikon bevise at vi kan lage ein kunnskapens infrastruktur på norsk nett. Allereie har vi 350 fagansvarlege som redaksjonen engasjerer til å ta ansvar for kvart sitt fagfelt. Dei røktar 220 000 artiklar som skal gi oppdatert fagkunnskap om alt vi kan i Noreg.

Store norske gir fagfolk til Internett, men vi skal også gi Internett til fagfolk. Snl.no er ikkje berre ein plass der ekspertar kan skrive medan andre kan lese. Monologisk kunnskapsformidling hørte papirtida til. Store norske er blitt ei bok alle kan skrive i, spørje og diskutere med. Når folk søkjer på Google etter “paranoid schizofreni”, er det bra at dei finn ein definisjon skriven av overlege Ulrik Malt. Men det er også bra at dei kan kritisere og stille dei vanskelege spørsmåla. Dei fagansvarlege svarer, og diskusjonen er synleg for alle som les. Artiklane blir utvikla etter innspel. Slik, i dialog framfor monolog, skjer den nye kunnskapsskrivinga på nett.

Samtidig blir dei signerte artiklane på snl.no kjelder for resten av norsk Internett. Folk kan syne til dei i media, på Wikipedia eller i nettdebattar. Slik blir innhaldet deira synleg i langt større samanhengar enn i sjølve leksikonet. Det betyr at norsk nettoffentlegheit får hundrevis av skrivande fagfolk å trekkje inn i ordskifta.

Får vi det til skikkeleg, har vi bygd ei bru over gapet mellom dei akademiske fagdebattane og folket på nett. Det er samfunnsverdi. Det er politikk.

8 svar til “Politisk dagbok – kapittel 1”

  1. Store norske leksikon har god typografi og er derved lett å lesa. Bloggen Lille norske har òg fått ei fin utforming. Det er viktig å få fram at det å kommnetere og skriva er ein god måte å læra på.

  2. Store norske skal vere med på ei læringsressurs for deltaking og demokrati i samarbeid med sentrtet for IKT i utdanninga. Dit har vi med oss tanken om å lære gjennom å skrive og kommentere.

  3. Det var en interessant opplysning. Du kan godt fortelja meir om samarbeidet med ikt-sentret.

  4. «Dei fagansvarlege svarer» — Vem är det då som svarar för följande? Jag försökte vid ett tillfälle att registrera mig, men man måste ha ett norskt telefonnummer för det.

    «Linköping … har hatt en sterk industriell ekspansjon i de senere år. Noen av de viktigste industribedriftene er Saab-Scania (fly, datamaskiner, elektronikk), Stal-Laval, Svenska Järnvägsverkstäderna, Förenade Fabriksverken og sjokoladefabrikken Cloetta Fazer. Linköping er standkvarter for flere militære avdelinger.»

  5. Er det sant at Store norske leksikon er så norskt at en svanske ikke slipper til?

  6. Oi! Det spørsmålet har aldri dukka opp før, så det visste vi ikkje. Godt nytt: Den nye redaksjonen har nettopp skifta grensesnitt. Då fjerna vi kravet om å registrere seg via telefon. Dermed kan du fint registrere deg no, Lars: http://snl.no/.users/new/

    Så skriv du endringsframlegga dine inn i teksten og fagansvarleg for svensk georgrafi, Lars Mæhlum, gir deg respons!

Stengt for kommentarar.