Politisk dagbok, kapittel 3

For leksikonfolk er det historisk sus over kulturbudsjettet som blei handsama av Stortinget i går. Suset er ikkje enkelt å høyre, men om du spolar deg 11.44 sekund inn i filmen på denne sida, kan du sjå at Stortinget vedtar budsjettet. (At sak 3 denne dagen faktisk var kulturbudsjettet, kan du finne ut i dette referatet.)

Realitets-sjangeren egnar seg temmeleg dårleg til å formidle kor heidundrandes spennande politikk er. Men bak denne «ein-heilt-vanleg-dag-på-jobben»-filmen frå Stortinget, ligg andre sjangre som syner kva kulturpolitikk partia eigentleg har for 2013. Då må du grave deg gjennom nettsidejungelen, og fram til innstillinga med prioriteringar og merknadar frå komiteen. Og der, i «4.10 Kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål» er det no avklart at Høgre, KrF og Fremskrittspartiet har formulert ein leksikonpolitikk! Les og bli glad:

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti vil understreke betydningen av at norsk språk har fagterminologi i alle språkdomener. Kunnskapsinnhenting fra leksikale verk er her svært viktige. Disse medlemmer viser til den positive utviklingen som har vært i forbindelse med Store norske leksikons overgang til nett, og det arbeidet som nå gjøres for å samle flere leksikale verk under samme løsning. Utviklingen av en kunnskapsbase som dette er svært viktig for norske brukere og norske fagmiljøer. Disse medlemmer mener det er naturlig at samarbeid og eierskap utvikles slik at norske universitet og høyskoler involveres sterkere.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti ber regjeringen bidra til å sikre videre drift av Norsk nettleksikon, som utgir redaksjonelle leksikon, blant andre Store norske leksikon, Norsk biografisk leksikon og Store medisinske leksikon.

Kva så med resten av opposisjonen? Venstre sit ikkje i Kulturkomiteen, så då er det berre Framstegspartiet att. Dei er kjend for å ville kutte i dei fleste kulturtiltak. Men jaggu smeller ikkje også FrP til med svært gode analysar av kvifor leksikonet er viktig:

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser at det i kjølvannet av 22. juli har blitt klart hvor viktig det er å styrke den demokratiske infrastrukturen i Norge. Dette gjelder ikke minst på Internett, som er den nyeste og minst utviklete av alle kanaler for demokratisk deltakelse. Nettet er i dag den mest brukte kilden til kunnskap for folk flest, og disse medlemmer ser det som naturlig å benytte Store norske nettleksikon mht. å spre kunnskap på Internett.

No manglar berre regjeringspartia. Det er ikkje å vente at stortingsfleirtalet skriv merknad til si eiga regjering. Men Hadja Tajik og Kristin Halvorsen kan ikkje vente mykje lenger før dei også må ta stilling: Er det smart å leggje ned kjelda der kunnskaps-Noreg (med stadig fleire fagansvarlege) formidlar kunnskap til 90 000 daglege lesarar?

Eller skal dei bruke 2013 til å lage politikk for at kunnskap på norsk skal vere mogleg å finne på toppen av Google?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *