Nettkulturløftet

Hadia Tajik har invitert alle til å påvirke kulturløftet 3. Eg meiner premisset hennar er utruleg godt: Ho vil skape større deltaking, breiare ytringsmangfald og ho vil opne opp for dei digitale høva til utvikling. Derfor har vi laga vårt eige forslag til nettkulturløfte. Vi skal sende det til Hadia, og i dagane som kjem vil vi dele det med alle andre også. Det første innlegget er ei programerkæring: Litteratur er bra for folk. Internett er bra for litteraturen.Nettkulturløftet vårt handlar ikkje berre om leksikonet. Men leksikon er den første boksjangeren som er tvangsdigitalisert. Det gjekk bra! Leksikonet blir lest av mange fleire, skapt av mange fleire -på meir inkluderande vis enn før. Derfor har vi tenkt mykje på kor fint det ville blitt i det norske nettsamfunnet om større delar av litteraturbransjen flytta etter.

SNL er boka som er blitt ei nettside. Heldigvis hadde Wikipedia gjort det heilt klart at “digitalisering” av leksikon var lik html-format, altså: fulltekst søkbar på internett. Ingen fann på å gjere Store norske til ein serie e-bøker i sal. Eller til ein giga-app (leksikonet ville overtatt mobilen din, det er alt for tungt!).

Formatvalet til leksikonet er ein supersuksess etter alle kulturpolitiske målestokkar.

Andre forleggjarar legg ned fagbokavdelingar og melder om opplag på tusen eksemplar. Medan vi har 7000 lesarar i timen. 105 000 per dag. 2 millionar i månaden. For ikkje å snakke om 350 aktive forfattarar i stallen som publiserer tilsvarande ca 60 bøker i året. Dei skriv, blir redigert av flink redaktør, vi publiserer. Akkurat som i eit forlag. Berre med mindre bitar publisert tekst av gangen.

Ja, så klart det er urettferdig å samanlikne … Snl.no er gratis og er den store boka om “alt”. Likevel er det eit anna element, ein kime til spørsmål: Kunne det vere at også andre litterære sjangrar ville utvikle seg og få fleire lesarar med den reelle sjansen til innovasjon som internett byr på?

Vi aner ikkje. For bokbransjen har ikkje eigentleg flytta ut på nett. Dei driv med det bokbransjen driv med, og litteraturpengane følgjer etter. Alle synst “digitaliseringa” går treigt og trur det må vere sånn. At noko vil skje “av seg sjølv” etterkvart. Men det som skjedde med musikken og filmane kjem ikkje til å skje med boka: At ungdommane stjeler fil og deler til bransjen har tapt så mange pengar at dei forstår dei må endre måten å selje filene på. Nei: Tekst er noko anna.

Internett endrar “tekstproduktet” langt meir enn musikkproduktet. Det endrar “boka” meir enn det endrar “låta”.

Teksten endrar seg så mykje at det nesten ikkje er til å identifisere som “litteratur”. For i motsetning til “ei låt” er ikkje “ein tekst” eit like avslutta stykke av nokre minutts oppleving. Tekst kan endre seg langt meir som følgje av at formatet blir eit anna.

Internett har allereie skapt nye sjangrar: Bloggteksten kan likne dagbokformen frå romanar på 1800-talet, eller av og til eit essay (som ingen veit kva er lenger). Twitter skaper litterær form med reglar så finstemde som haiku.

Men slikt bryr litteratar flest seg ganske lite om. Dei skriv, produserer, les, studerer og sel litteraturen dei elskar. Medan dei som finst mest på internett blir dei nye «forfattarane», altså dei skrivande menneska som blir mest lest. Kjære litterat: Det er ikkje «skjermen» som stel ungane frå bokbransjen. Det er bloggarane. Du som minst tida då du gjekk deg bort i bøker medan du burde sove: Tekst er framleis ein tidstjuv. Han er berre ikkje pakka inn i perm.

Lesarane finst. Forfattarane finst. Det som manglar for å skape eit fantastisk norsk internett der dei møtast – er ny politikk.

Eitt innspel til «Nettkulturløftet»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *