Politisk dagbok: Ja til kulturell privatkapital!

No er Agnethe Haaland engsteleg på Dagsrevyen. Kultur-Noreg er raud-grønt og fryktar at kulturell privatkapital vil overta styringa. Eg får lyst til å vifte med ein blå kulturklut: Kva kan privatkapital gjere godt? Kva bør felleskapitalen gjere betre enn i dag?

Ofte peikar ein på Fritt Ord som «døme» på kulturell privatkapital. Problemet er: Dei er ikkje eit døme. Saman med Sparebankstiftinga DNB er dei dei einaste store private kulturpengesekkane. Har du ein stor ny tanke, er det berre dit du kan gå.

Eller kan du gå til staten? Vel… Staten har prosjektpengar. Små kulturprosjektpengar. Særleg i Kulturrådet. Men store pengar går berre til store aktørar som har faste postar på budsjettet. Derfor kan etablerte aktørar på statsbudsjettet tenkje store tankar, medan dei uetablerte og små må tenkje smått. Så her er min blå fakkel i raudgrønt kulturlandskap:

Få dei private pengane inn! La oss få store privatkulturelle pengesekkar å gå til for prosjekta våre, for dei gode ideane, for det som på blått heiter «høg risiko»!

Kanskje er det dét som trengst for å sjå tydeleg kva som er dei nye, gode ideane? Kanskje er dei private betre til nettopp dét – enn dei som sit med huet og baken inni det eksisterande, som utnemnde representantar for kultur som finst frå før? Som vi sa i Nettkulturløftet: Skal vi få innovasjon opp og stå, må det finnast pengar til hue utanfor dei gamle strukturane.

Men kva er det så staten MÅ gjere? Dei må ta fellesskapsjobben etterpå, etter «prosjektet»:  Jobben med å velje ut kva som har utvikla samfunssverdi nok til å drive vidare. Til å vere. Ikkje til å «kanskje bli». Tørt sagt: Ikkje til prosjekt, men til drift.

Som leksikonet: Eg meiner Anniken Huitfeldt gjorde rett i ikkje å gje offentleg driftsstøtte til at Store norske leksikon skulle halde fram på bokbransjemåten. Eg meiner Fritt Ord og Sparebankstiftelsen gjorde rett i å finne ut om leksikonet kunne ha samfunnsverdi på nett. Dei gjorde rett i å investere store pengar i prosjektet. Men så meiner eg også at prosjektet er ferdig no: snl.no har bevist sin digitale verdi: Over 100 000 daglege lesarar og 400 aktive forfattarar er langt meir enn sakprosa på papir kan drøyme om.  Då må det offentlege dra konklusjonen: Dette treng vi i samfunnet vårt. SNL kan få driftspengar frå felleskassa.

Og her ligg faktisk hovudproblemet – sjølve systemkritikken av kulturpolitikken i dag. Det er masse offentlige kulturpengar:

  1. Det er pengar til dei etablerte.
  2. Det er masse små prosjektpengar.

Men: Å få til noko stort som ein ny aktør – det er veldig, veldig vanskeleg. Det blir prosjekt på prosjekt. Ta fire nyvinningar i litteraturen som eksempel: Leser søker bok (hjartebarnet mitt), Foreningen !les, litteraturhusa og Store norske leksikon. Ingen av desse fire viktige tiltaka med stor samfunnsverdi lev trygt i god dialog med ein offentleg pengesekk som tilpassar seg kva dei skaper av verdi og kva dei får til.

Francis Sejersted (Fritt Ord/Store norske/høvding frå det sindige kultur-Høgre) seier det så fint: Dette er den norske modellen, at dei private tar initiativ og arbeider fram gode tiltak. Så tar det offentlege over når noko syner seg levedyktig.

Mitt framlegg til Erna og Olemic/kven_det_no_er_som_blir_kulturminister er slik:

  1. Sørg for at den kulturelle privatkapitalen blomstrar.
  2. Sørg for at den offentlege kulturkapitalen er stor, men langt meir open for å overta når noko nytt syner seg verdifullt for samfunnet.

Med dette programmet ønskjer eg kulturell privatkapital velkomen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *