Ida Jackson til ny jobb

Då eg fekk jobben som ny sjefredaktør for Store norske leksikon i 2011, var oppgåva å finne ut om snl.no kunne bli liv laga som nettprodukt. Det skulle vi finne ut og kanskje klare å vise på eit par års tid. Det var rimeleg opplagt at vi trengte gode redaktørar med teft for akademia, for kunnskapsformidling og for tekst. Eg tilsette ein filosof, ein bibliotekar og ein litteraturvitar. Men det var minst like opplagt at vi måtte ha med oss nokon som hadde sabla god peiling på internett. Nokon som levde på internett, som visste kva som fungerer, kven som er gode – og som kunne ha klare strategiar for korleis SNL kunne bli gode. Eg tilsette Ida Jackson. Då trudde VG at leksikonet ville bruke «bloggar som lokkemat».

Men VG er ikkje alltid gode som analytikarar. No har Ida arbeidd her i snart fire år. Saman med resten av dei eineståande flinke folka i SNL-redaksjonen har ho hatt makt til å endre snl.no og flytte oss sjumilssteg inn i framtida.

Over jul startar Ida i Netlife, som har hjelpt oss med å omskape snl.no. Det betyr at ho kan jobbe vidare med SNL, berre ikkje på fulltid. Her skriv Ida om det ho har gjort og det ho skal gjere.

Vi i SNL kjem til å miste vår flinkaste føredragshaldar, beste webanalytikar og vår mest entusiastiske sletteekspert. Det er ikkje avgjort kva tittel som blir ledig. SNL er i dag ein redaksjon der alle driv med «nett» – med digital utvikling, koding, innhaldsstyring, sosiale media. Vi skal bruke hausten på å klekke ut kva vi aller helst vil ha meir av når Ida flyttar. I mellomtida kan du gjerne kome opp med idear til kva vi verkeleg treng – og sende oss eit forslag og ein CV.

Eitt innspel til «Ida Jackson til ny jobb»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *