Kva gjer deg verd å hugse?

Lurer du på kva folk har gjort for å bli kjendis? Eller kven som var dei viktigaste folka når? Det kan du finne ut gjennom den nye inngangen vår til Norsk biografisk leksikon (NBL). Alle dei 5 860 viktigaste norske folka har vi delt inn etter metadata om når dei levde og kva dei har gjort. Å rydde metadata om folk er å rokke ved sjølve oppfatninga av kvifor dei er verd å hugse. Metadata er makt. Og under djupdykket inn i norsk historie var dette kva vi fann:

1) Det finst tusen gode grunner til å bli hugsa:

Noregs einaste kulturpersonlegheit, enn så lenge: Maren Sars. Henta frå Fridtjof Nansens biletarkiv (falt i det fri)

Til deg som traktar etter kjendisstatus har vi godt nytt: Det finst tusen grunnar til å bli hugsa! Om ettermælet ditt blir finansakrobat eller folkeskribent – det er alltids mogleg å bli kjend. Det kan vere lurt å velje yrke der sjansen er stor for å bli viktig. Gjennom tidene har det synt seg tryggast å bli forfattar (587 kjendisar) eller politikar (546). Omvend har det vel vori mange trælar, men Kark er den einaste av dei som klarte å skrive seg inn i historia.

Du kan eventuelt satse smalt og bli ein av få: Det er berre éin viktig postkortforleggjar. Eller du kan satse breitt for å bli polyhistor, men det er det så langt berre Johan Ernst som har lukkast i å bli særs god til. I følgje kategoriane i NBL er det visst også berre éin kulturpersonlegheit og éin verdiformidlar i norsk historie. Her kan sjansane for å hevde seg vere større i framtida.

Om ikkje du kan bli best i noko, kan du alltids gjere noko banebrytande: I NBL finst ein haug av pionerar, frå ubåtpioner til slankepionerar og utvandringspioner. Skulle alle andre forsøk gå dukken, kan du satse på å hamne i meir tvilsame selskap, som underhaldsningsadministrator i hop med Benno eller vinkyndig ilag med Håkon, med sin «dype respekt for alkoholkulturen».

2) «-inne» er ute:

Dyveke Ottikesdatter «utøvet reell innflytelse på kongens mentale tilstand» ved å døy. Her malt av Vilhelm Rosenstrand i 1885, Statens Museum for Kunst, Wikimedia commons (falt i det fri)

Stort sett er damer skrivi ut av norsk historie fordi Mann ikkje meinte dei hadde gjort noko vesentleg. Av og til har ikkje damene vori til å unngå. Då kunne dei t.d. bli kategorisert som «elskerinne». Det vil seie at du har hamna i leksikon fordi, og berre fordi, du hadde sex med ein viktigper for tusen år sia. Bidraget til historia kan då vere omtalt som å utøve «reell innflytelse på Kongens mentale tilstand og særskilt hans reaksjoner på hennes død». Altså at du, ved å døy, gjer så sterkt inntrykk på Kongen at du utøver innflytelse. (Vi rår deg til heller å prøve andre strategiar. Red.)

Som oftast er det eigentleg betre grunnar til at damer er innskrivne i manntalet –  enn at dei hadde ein mann. Då kan vi gje damene betre metadata. Kva synst du om å gjere denne ridderfrua til «sjørøvar»? I tillegg kan vi sørgje for at likt blir likt: I kategoriseringa såg vi at utruleg mange yrke var kjønna. Altså har vi rydda metadata ved å stryke ein heil bråte med «-inne», «-kvinne» og «-mann»: Lærerinne blir lærar. Både embetsmann og -kvinne kan bli embetsperson, for folk utfører normalt sett ikkje sitt embete ved hjelp av kjønnet.

3. Alle er like, men somme er likare enn andre:

Finansakrobatar slik dei såg ut på 1600-talet, ikkje ulikt i dag. (Her: Henrik Müller)

Ryddig av metadata er å slå likt saman med likt. Men kva er likt? Når vi har slått saman metadata har vi samtidig viska ut ein masse klasseskilnadar: Ein alminneleg visediktar som Alf Prøysen er blitt komponist. Underoffiseren er blitt offiser. Lektor og adjunkt er blitt lærarar. Postridar og postmeister er båe to blitt postarbeidarar. Kan hende er ikkje vegdirektøren heilt tilfreds med eit ettermæle som vegbyggjar?

På IT-konferansar verda rundt blir det snakka om opne data. Mantraet er å dele data så andre kan kople det saman med eige innhald om same sak. Det vil vi i Store norske gjerne. Med nylanseringa av NBL har vi gitt ein liten skjerv i form av metadata om dei viktigaste folka i norsk historie. Erfaringa vår er: Dette er alt for viktig til berre å snakke om den IT-tekniske delen av jobben. Like viktig er det å tenkje klokt på kvaliteten av data vi deler vidare. Det kan du vere med på. Så oppdagar du dårlege plasseringar av folk i NBL: Rop ut!

Eitt innspel til «Kva gjer deg verd å hugse?»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *