Nye krefter i SNL: Erik Bolstad

Erik Bolstad starter i SNL

I 15 av alle sine i dag nøyaktig 38 år på kloden har Erik Bolstad arbeidd i NRK. Nær sagt heile vaksenlivet er levd og lært i rikskringkastinga. I dag er han produkteigar for NRK TV og NRK Radio på «alle ikkje-kringkasta plattformar». Frå august av er Erik i Store norske leksikon-redaksjonen.

Då du offentleggjorde jobbskiftet, var fjesboktråden din full av «rett mann på rett plass»…
– Ja, det er utruleg fint at det ikkje berre er eg som tenkjer at eg kan passe inn i ein leksikonredasjon! Det kjenst litt som å kome heim å skulle byrje i SNL; då eg var liten las eg nesten heile Store norske frå A-Å; og eg er nok kjend som ein nerd av dimensjonar.

Samanlikna med NRK er ikkje Store norske så veldig stort. Du går frå den breie kringastaren til den vesle iherdige folkeopplysaren. Kvifor vil du skifte beite?
– I hovudet mitt liknar SNL og NRK ganske mykje: Samfunnsoppgåva er folkeopplysning og kunnskap på ein ikkje-kommersiell plattform. Eg har fått gjere utruleg mykje fint i NRK, men kjenner at eg har lyst på ei litt større utfordring: Å verkeleg få SNL ut til folket.

Då vi snakka saman fyrste gong sa du at du gjekk inn for å leggje ned alle NRK-nettsidene med under 100 000 brukarar per dag. På våre beste dagar har SNL 145 000. Snart er det du som har ansvaret for SNL-lesarane. Kva tenkjer du lesartala våre skal bli?
– Det er ikkje eit mål i seg sjølv å ha uhorveleg mange brukarar; men om vi skal nå målet om meir folkeopplysning og meir kunnskap i samfunnet må SNL nå litt fleire lesarar enn i dag. Eg trur det fyrste steget for SNL er å bli meir synleg i samfunnet, så fleire veit at leksikonet framleis finst og kor vellukka SNL eigentleg er. Det er ein fantastisk kunnskapsbase som er nesten unik i verda. Som nordmann – og snart SNL-tilsett – kjenner eg at eg blir verkeleg stolt!

Leksikon er per definisjon temmeleg tørt. Kjem du til å ville fylle leksikonsjangeren med levande lyd og bilete?
– Nei, nei, nei. Leksikon er ikkje tørt. Leksikon er gøy! Eg trur at dei aller fleste artiklane har det heilt fint med å vere berre tekst og illustrasjonar; det er litt for mange som har stor tru på video som den store problemløysaren

Du skal starte med å bli godt kjend med leksikondyret ved å redigere artiklar. Er det fag du er meir opptatt av enn andre?
– Geografi er kanskje emnet eg bryr meg mest om. Land, norske kommunar, geografi, språk og politikk. Eg har akkurat flytta alle bøkene mine, og måtte eigentleg fnise litt over noko av det eg har i bokhylla mi. Kommunesamanslåingshistorikk, minst ti bøker om internasjonale grenser i ulike formar og 300-400 bøker om norsk, engelsk, tysk og hebraisk.

Erik i Yr. (Foto Krister Søtbø i VG)

Du er pappaen til Yr. Kva seier det om mennesket Erik at du blei svanger med den ideen?
– Eg er ikkje spesielt oppteken av vêret, men eg er tykkjer formidling av store datamengder er utruleg spanande. Problemet med mange vitskaplege vêrtenester er at dei eigentleg ikkje bryr seg om brukarane forstår varselet eller ikkje. Vi starta med alle føtene godt planta i vitskapen, men filte og tilpassa presentasjonen til dei aller fleste kunne forstå han. Yr er kanskje det eg er aller stoltast over å ha fått vere med på å lage, vi skapte ein slags revolusjon i vêrvarslingsformidling.

Eg las at du har arrangert noko så uhorveleg spennande som ein postnummerdugnad?
– He he. Ja. Eg har liksom blitt han «postnummermannen». Eg prøvde å få Posten til å gje oss geografiske koordinatar til alle dei norske postnumra. Det hadde dei ikkje lyst til, så då arrangerte eg dugnad der 600 ulike personar sat og hjelpte til med å plassere postnummer på kart. Desse koordinatane blir brukt i ein haug ulike tenester i dag: Vêrvarsel på Yr, logistikk hos FedEx, dataanalyse av skattelister og mykje meir. Eg er veldig oppteken av frie data; det kan ha så mykje større ringverknader enn det kvar enkelt klarar sjå for seg.

Og så har du sørgja for at Internett inneheld alle palestinske grunnlovutkast. Ein heilt naturleg oppgåve å ta på seg, tenkjer du?
– Nja… njei… Eg var valobservatør ved det (hittil einaste) palestinske parlamentsvalet for nokre år sidan, bl.a. saman med ei venninne som er ein slags grunnlovsekspert. Vi forstod plutseleg at vi hadde ei meir komplett samling av dei palestinske grunnlovsutkasta enn dei fleste andre, og fann ut at vi skulle publisere dei. Det er litt gøy å sjå at CIA og FBI jamleg er innom sidene…

Hm, viktig innhald med andre ord! I tillegg har du passa på at nettet har reisande badeender. Er det eit slags fredsprosjekt?
– Nei, men det er eit veldig bra triks for å kome i prat med folk! No har badeendene mine vore i 60 land eller noko slikt, og dei er verkelege døropnarar. Alle forstår jo at ein fyr som reiser rundt med badeender ikkje er skummel, og så inviterer dei deg på middag, vodka eller kaffi.

Om eg til sist nemner at du sjølvsagt også har brukt tida di på Byggmakker, målsak, husflid, Norsk barneblad, Oslo nye sparebanks fond, kolonihage, seksuell ungdomshelse og å studere imponerande flittig og flinkt og at du har fått designpris frå kulturministeren – har eg fått med meg det meste då?
– Ikkje verst! Eg kan kanskje føye til eit par faktabøker om land i Latin-Amerika og Afrika, at eg har vore vikarierande språksjef i NRK, at eg fuskar i programmeringsfaget og at eg gler meg noko inmari til å byrje jobben i Store norske!

Erik Bolstad (her på eit tog i Nord-Korea) tek med seg ein haug badeender til SNL. Foto: Aušra Laurušaitė-Kromelis.

2 svar til “Nye krefter i SNL: Erik Bolstad”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *