Nye krefter i SNL: Andreas Tjernshaugen

Det er ein alvorsmann du har ståande her. Seier Andreas. Med eit smil. (Foto: Georg Kjøll, SNL)

Andreas Tjernshaugen er 42 år og kjem frå jobben som kommunikasjonssjef i Bioteknologirådet. Han har vori forskingsleiar i CICERO og har ein doktorgrad om politikken rundt fangst og lagring av CO2. Det Andreas liker best, er å formidle kunnskap. Derfor skriv han bloggar og bøker om fugl og fisk, og no skal han bli leksikonredaktør.

– Kva forhold har du til leksikon?
– Då eg var liten ønska eg meg inderleg eit leksikon. Til sist fleska mormor til og gav meg Aschehoug og Gyldendals store norske.

… og no skal du redigere det same leksikonet. Er det område i leksikonet der du tenkjer vi bør endre historieskrivinga?
– Eg har ikkje finni innhald eg blir opprørt over på fagleg grunnlag. Men eg brenn for kommunikasjon og formidling. Mange artiklar i SNL er tunge og vanskelige å lese. Eg har veldig lyst til å gjere dei lettare å ta fatt på for folk som ikkje kan innhaldet frå før.

– Er det fagfelt du er meir opptatt av enn andre?
– Nesten alle tema er artige, men eg er ekstra glad i alt som har med dyr å gjere. Og ganske nerd når det gjeld akvariefisk. I dyrebutikkane finst berre ei akvariebok som ikkje er omsett, men skrivi på norsk. Den har eg laga.

– Redaktørjobb betyr eigentleg rydding. Like før du kom i dag måtte vi rydde solformørkelse i ein fei fordi det plutseleg var masse lesarar der. Liker du å rydde?
– Eg liker å rydde i språk, å forklare så folk forstår. Eg har drivi mykje med å redigere fagstoff til eit breidt publikum, som i redaktørjobbane i tidsskifta Genialt og Klima.

– Om vi no ser framover: Korleis står det til med SNL om 50 år?
– Ambisjonen må vel vere at det blir brukt. Og at innhaldet er både sant og forståeleg. Eg har formidla fagstoff både på papir og nett, og har tenkt mykje på korleis den transformasjonen endrar vilkåra for korleis vi les, men også korleis vi skriv til og kommuniserer med kvarandre. Det er spennande å føre leksikontradisjonen vidare midt inni desse endringane. Nettet er skapt for oppslagsverk. Eigentleg ligg alt til rette for å lage eit mykje bedre leksikon. Sett bort frå det med penga.

– Ja?
– Då mormor gav meg leksikon, gjorde det eit grundig innhogg i pensjonsøkonomien hennar. Ho måtte betale det leksikon kosta om ho ville ha det. Sånn er det ikkje meir. No må bra innhald konkurrere med ikkje så bra innhald. Det gjer det vanskelegare å få den finansieringa som trengst til det gode innhaldet.

– Snart er du fyren som skal hjelpe hundre fagansvarlege i SNL. Kan vi få vite noko meir om Andreas som menneske?
– Eg padlar i Oslofjorden og syklar Nesodden rundt.

– Artig. Men hva med noko meir kuriøst? Kva er det rareste du har gjort?
– Eg song solo i eit fjernsynsprogram heile Sverige såg. Endå eg ikkje er spesielt god til å synge.

– Det var gøy! Kva skjedde?
– Som ungdomspolitikar i eit lite parti kjempa vi for å få merksemd. Vi danna «Gutar mot Barbie» og stilte eit gutekor i beste sendetid på NRK. Det blei ein braksuksess. Svensk televisjon ville fly oss over for å gjenta, men dei hadde berre råd til å betale fly for eit par av oss. Då blei det meg som blei solist. Ikkje akkurat like stor suksess.

– Det vil vi sjå! Kan vi Google det?
– Hehe. Det var heldigvis før alt blei lagt ut på nett. Folk hugsa det lenge nok likevel. Ti år seinere kunne folk ringe og be meg uttale meg om Barbie. Men det der er snøen som fall i forfjor. Det var i eit anna liv. No er eg opptatt av akvariefisk.

Seier Andreas. Ein time seinare kjem lenkene for alle som vil bli betre kjend med akvariemannen:

Då Akvarieboka for barn kom ut fekk Andreas setje opp eit akvarium i studioet til God Morgen Norge. Etter opptak blei Vår Staudes konklusjon overhørt: «Det der var ein skikkeleg akvarienerd …» Ho har i grunnen rett.

Eitt innspel til «Nye krefter i SNL: Andreas Tjernshaugen»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *