Eksamen i norsk hovudmål var 31. mai, og statistikken til Store norske leksikon eksploderte. Her er ein liten titt på kva som vart mest søkt etter og lese.
Før eksamen i år laga vi ein spesialversjon av leksikonet for bruk under eksamen. I denne versjonen var det umogleg å sende meldingar til andre brukarar. Det gjorde at skulane kunne opne for bruk av Store norske leksikon under eksamen, sidan det vart sperra for eventuell kommunikasjon mellom elevane gjennom meldingssystemet i leksikonet.
I går la vi ut ein video som illustrerte servartrafikken i leksikonet medan hovudmålseksamen pågjekk. 20 000 spørjingar i minuttet og over ein million i timen er høge tal! Og dessutan er det pent å sjå på:
Krig og forfattarar
Det er to tema som peikar seg ut veldig i statistikken over dei mest leste artiklane i går: Krig og forfattarar.
- Andre verdenskrig
- Norge under andre verdenskrig
- Jan-Magnus Bruheim
- etos
- Arne Garborg
- Norges litteraturhistorie
- novelle
- Karin Fossum
- Gengangere
- språk i Norge
- Winston Churchill
- Henrik Ibsen
- patos
- Andre verdenskrig – viktige hendelser
- frigjøringen
- 8. mai
- realisme – litteratur
- retorikk
- Bokhandlerprisen
- logos – retorikk
- Churchill
- synsvinkel
- sakprosa
- appell – å appellere
- realisme – litteratur
- naturalisme – litteratur
- Den kalde krigen
- kjærlighet
- logos
- Norge i etterkrigstiden
- metafor
- Fagerborg
- kjærlighet
- appell – å appellere
- in medias res
- tematikk
- naturalisme./litteratur
- Cappelenprisen
- eple – symbolikk
- resonnere
- naturalisme – litteratur
- Lier
- Høgskulen i Sogn og Fjordane
- norsk språkhistorie
- logos – retorikk
- hinduisme
- Adolf Hitler
- Norge
- litteratur
- rim
Men nokre tema kunne vi ikkje hjelpe med 🙁
Dei som lagar eksamensoppgåvene legg vekt på også å ha med tema som elevane ikkje kan slå opp direkte i oppslagsverk for å få hjelp til. Det er lett å sjå for seg desperasjonen til nokre av elevane om ein studerer søkjeloggen til Store norske leksikon i går.
Søkjeloggen inneheld berre søk som ikkje blir fanga opp av autocompleten vår. Når ein startar å skrive føreslår vi artiklar som kan passe, lista nedanfor viser ting som ikkje vart fanga opp av dette.
Kort oppsummert lurte elevane veldig på kven Jakob Arvola er, kva i all verda ei appellform er, og så kom det ein og annan slengar som jakta på info om vedhogging.
- jakob arvola
- hvis det er sant
- lars mytting
- det går ikke over
- jan magnus bruheim
- appell
- appellformer
- appellform
- burning love
- gjengangere
- virkemidler
- kreativ tekst
- mannfolk
- 1945
- hel ved
- arvola
- apellformer
- helvetesilden
- synsvinkel
- autoral
- jacob arvola
- apellform
Her er eksamensoppgåvene
Landslaget for norskundervisning publiserte oppgåvene på Facebook-sidene sine i går, her er dei: