Meteorologisk institutt blir medlem i Store norske leksikon

Meteorologisk instiutt har meldt seg inn i Foreininga Store norske leksikon for å bidra til formidling av kunnskap om vêr, meteorologi og klima.

Foreininga Store norske leksikon er ei ideel forening som har som føremål å formidle fagkunnskap på internett. Medlemene i foreininga er alle dei norske universiteta, samt Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Vitskapsakademiet.

Heidi Lippestad og Anton Eliassen i Meteorologisk institutt

– Hovudoppgåva til Meteorologisk institutt er å sikre liv og verdiar gjennom mellom anna vêrvarsling, men formidling av resultata av arbeidet vårt og deling av kunnskap, er òg svært sentrale og viktige arbeidsoppgåver for oss. Vi skal vere nyttige for Noreg, seier Anton Eliassen, direktør på Meteorologisk institutt.

Meteorologisk instiutt har bidrege til Store norske leksikon heilt frå 2009, som fagansvarleg for meteorologi, vêrvarsling og klimalære. I Meteorologisk institutt sitt jubileumsår (dei rundar 150 år i desember) troppar dei opp innsatsen, og går frå å vere fagansvarlege til å bli fullt medlem.

Sjefredaktør Anne Marit Godal i Store norske leksikon

– Vi er svært glade for at Meteorologisk institutt vil bidra til den store kunnskapsdugnaden som skjer i Store norske leksikon, seier sjefsredaktør Anne Marit Godal. Universiteta har teke eit stort kollektivt formdlingsløft for å sikre at det finst vitskapleg kvalitetssikra kunnskap fritt tilgjengeleg på internett. No vil vi få med oss fleire institusjonar på dugnaden, og då er det strålande at Meteorologisk er av dei første til å ta dette samfunnsansvaret.

MetLex inn i Store norske

I desember 2009 lanserte Meteorologisk institutt meteorologileksikonet MetLex. Det er 706 artiklar i leksikonet, som er forfatta av fagfolka på Meteorologisk institutt. No er planen å slå saman innhaldet i MetLex med det eksisterande meteorologistoffet i Store norske leksikon.

Kommunikasjonssjef Kristin Goa i Meteorologisk institutt

– Innhaldet i MetLex er fagleg kvalitetssikra og godt, men vi ynskjer oss fleire lesarar, seier kommunikasjonssjef Kristin Goa ved Meteorologisk institutt. Ved å flytte innhaldet til Store norske leksikon ser vi at vi vil nå ut til langt fleire enn vi gjer i dag.

Store norske leksikon har rundt 2 millionar unike brukarar i månaden, og det blir lese rundt 250 000 artiklar kvar dag. Store norske er den største norske nettstaden for forskingsformidling.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *