Store norske-topplista 2015

Topplistene til Store norske leksikon for 2015 er dominert av religion, krig og konflikt + flyktningar og kommunevalet. Her er eit djupdykk i listene.

Store norske leksikon har 185 000 artiklar, fordelt på 3700 kategoriar. Desse artiklane vart lese 52 millionar gongar i 2015.

Dei 50 mest leste artiklane vart lese til saman 2,5 millionar gongar. Det betyr at topp 50 berre står for 5 prosent av dei totale lesartala, og at det er stor spreiing i kva som faktisk blir lese i leksikonet. Nesten alle 185 000 artiklar har blitt lese i året som gjekk, det er berre 4000  artiklar som ikkje har hatt ein einaste lesar.

Humaniora høgt oppe på artikkeltoppen, realfaga store i sum

Topp 50-lista finn du i botn av artikkelen (lista var så lang). På toppen av lista finn du islam, jødedom, buddhisme, den andre verdskrigen, hinduisme, den kalde krigen, fyrste verdskrigen, artrose, Noregs litteraturhistorie og den franske revolusjonen. Lista er dominert av artiklar som er aktuelle i skulen, og dei fleste er innanfor humaniora-fagfeltet.

Om vi ser på artiklane gruppert etter kategori får vi eit anna bilete; då er realfaga mykje større.

I boblegrafen nedanfor ser du kategoriane i leksikonet. Boblane varierer i storleik etter kor mange artiklar som har blitt lese i året som gjekk.

Mest leste hovudkategoriar

Store norske leksikon er delt inn i 3700 ulike kategoriar. Kategoriane er eit hierarki, i stolpegrafen nedanfor ser du kor mange gongar artiklane i dei ulike hovudkategoriane er lese.

Medisin er svært dominerande, sjølv om få av artiklane er inne på topp 50-lista. Lesinga er fordelt på svært mange av dei 17 000 artiklane i kategorien, f.eks. artrose (lese 71 000 gongar), bukspyttkjertelen (46 000) og diabetes (37 000).

Historie er òg blant dei dominerande kategoriane. Her er artiklane om krig og konflikt på topplista, mellom anna den andre verdskrigen (82 000), den kalde krigen (76 000), den fyrste verdskrigen (74 000) og den franske revolusjon (65 000).

Når vi hoppar ned til den tredje mest leste hovudkategorien kjem ein del overraskingar fram.  Samla er desse 13 000 artiklane lese 5 millionar gongar i 2015, og lesinga er spreidd godt ut over dei 13 000 artiklane i kategorien. Dei mest leste artiklane er velferdsstat (!), ytringsfridom og parlamentarisme.

Tal leste artiklar per kategori i Store norske leksikon i 2015. Kjelde: Google Analytics.

Den verkeleg tabellinteresserte kan grave seg ned i detaljane i tabellen under. Her ser du også kor mange artiklar vi har per kategori.

Kategori Sidevisningar 2015 Tal artiklar
Medisin 10 909 577 17 264
Historie 5 542 175 15 833
Samfunn 5 200 314 13 154
Språk og litteratur 5 190 225 18 684
Religion og filosofi 4 764 118 7 471
Realfag 4 236 304 13 932
Geografi 3 583 545 20 316
Biologi 3 146 003 11 822
Kunst og estetikk 2 662 412 24 416
Teknologi og industri 2 564 983 16 760
Økonomi og næringsliv 951 895 2 885
Psykologi 791 696 812
Sport og spill 673 208 4 508
Mat og drikke 364 032 1 922
Medier 247 864 1 828

50 mest leste artiklar

# Artikkel Lesartal Kategori
1 islam 90 775 Religion og filosofi, Verdensreligioner
2 jødedom 86 915 Religion og filosofi, Verdensreligioner
3 buddhisme 84 887 Religion og filosofi, Verdensreligioner
4 Andre verdenskrig 81 644 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
5 hinduisme 81 427 Religion og filosofi, Verdensreligioner
6 Den kalde krigen 75 833 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
7 Første verdenskrig 73 395 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
8 artrose 70 837 Medisin, Bevegelsesapparatet
9 Norges litteraturhistorie 66 992 Språk og litteratur, Norsk og samisk litteratur
10 Den franske revolusjon 64 541 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
11 Norge under andre verdenskrig 61 479 Historie, Norsk og nordisk historie
12 velferdsstat 60 801 Samfunn, Samfunnsfag
13 norsk språkhistorie 60 370 Språk og litteratur, Språkfamilier
14 kristendom 58 822 Religion og filosofi, Verdensreligioner
15 den industrielle revolusjon 55 540 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
16 etikk 54 271 Religion og filosofi, Filosofiens fagdisipliner
17 Norge 50 745 Geografi, Norges geografi
18 samer 50 440 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
19 demokrati 49 519 Religion og filosofi, Filosofiens fagdisipliner
20 Henrik Ibsen 49 121 Språk og litteratur, Norsk og samisk litteratur
21 vikingtiden 48 235 Historie, Norsk og nordisk historie
22 ytringsfrihet 46 811 Samfunn, Jus
23 Den islamske stat (IS) 45 733 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
24 bukspyttkjertelen 45 067 Medisin, Hormonsystemet og endokrinologi
25 parlamentarisme 44 774 Samfunn, Samfunnsfag
26 Knut Hamsun 44 556 Språk og litteratur, Norsk og samisk litteratur
27 middelalderen 43 733 Historie, Historievitenskap
28 svartedauden 42 361 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
29 pragmatisk 42 096 Språk og litteratur, Leksikografi
30 Norsk Ordbok 41 099 Språk og litteratur, Leksikografi
31 imperialisme 40 513 Samfunn, Samfunnsfag
32 Nelson Mandela 40 191 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
33 fascisme 40 031 Religion og filosofi, Filosofiens fagdisipliner
34 kommunisme 39 221 Religion og filosofi, Filosofiens fagdisipliner
35 1814 38 526 Historie, Norsk og nordisk historie
36 realisme 38 453 Språk og litteratur, Litteraturvitenskap
37 Aristoteles 38 401 Religion og filosofi, Filosofiens historie
38 FN 38 379 Samfunn, Politikk og offentlig forvaltning
39 Adolf Hitler 37 654 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
40 diabetes 36 973 Medisin, Hormonsystemet og endokrinologi
41 nordlys 36 895 Realfag, Fysikk
42 Ivar Aasen 36 232 Språk og litteratur, Språkforskere
43 nasjonalromantikk 36 143 Kunst og estetikk, Bildende kunst
44 befolkning 35 736 Samfunn, Samfunnsfag
45 maktfordelingsprinsippet 35 733 Religion og filosofi, Filosofiens fagdisipliner
46 nasjonalisme 35 580 Samfunn, Samfunnsfag
47 fotosyntese 35 375 Biologi, Planter
48 Romerriket 34 979 Historie, Verdens historie og samtidshistorie
49 Den europeiske union 33 808 Samfunn, Politikk og offentlig forvaltning
50 Vietnamkrigen 33 614 Historie, Verdens historie og samtidshistorie

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *