10 417 nye bilete i artiklane

18. og 19. oktober la vi til 10 417 bilete i artiklane på snl.no. Bileta er i hovudsak illustrasjonar frå papirutgåvene av Store norske leksikon og Store medisinske leksikon.

Mange av bileta har vore på snl.no tidlegare, men i Flash-format. Dei måtte difor fjernast for nokre år sidan. I fjor fann vi att dei gamle originalfilane, og har konvertert og kontrollert dei fleste bileta før importen som skjedde i natt.

Tidlegare har vi importert 3100 portrettfoto frå papirutgåvene av Norsk biografisk leksikon.

Samla er dette eit heilt unikt biletmateriale. Mange av illustrasjonane som er importert no er spesiallaga for leksikonet, i samarbeid mellom ein grafikar og ein fagperson. Svært mange av portrettbileta som er lagt til no er av personar det tidlegare ikkje har vore bilete av på nett.

Fagansvarlege: Kva må de gjere no?

Alle fagansvarlege i leksikonet har fått e-post med info om bilete som er lagt til å artiklane dei har ansvar for.

7825 bilete er kontrollert av ein redaktør og godkjend for publisering. Desse bileta er lagt rett inn i artiklane.

2592 bilete har redaktørane vore usikre på, og desse bileta må kontrollerast av fagansvarleg før publisering. Sjå bileta du må kontrollere før publisering.

Kvifor må nokre bilete godkjennast før publisering?

2592 bilete er lagt til godkjenning hos ein fagansvarleg før dei kan publiserast på snl.no.

Det er fleire grunnar til at desse bileta er lagt til godkjenning, og ikkje berre publisert direkte:

  • Dersom det har vore mange bilete i artikkelen frå før vil vi gjerne at du vurderer kva bilete som er best. Godkjenn bileta som ligg til godkjenning. Etterpå ser du på det samla biletmaterialet og fjernar eventuelle dårlege bilete (trykk på Rediger og så på Slett).
  • Innan medisin er alle bilete lagt til godkjenning før publisering. Her vil vi at ein fagperson skal sjå på bileta før dei blir lagt ut.
  • I mange tilfelle har redaktøren overstyrt automatikken og lagt biletet manuelt til godkjenning hos fagansvarleg før publisering.

Kva slags bilete er det snakk om?

Det er lagt inn mellom anna 2104 figurar (mykje medisin), 6324 historiske foto, 258 kunstverk, 3803 portrettbilete og 1237 historiske kart.

Slik fordelar bileta seg i hovudkategoriane i leksikonet:

Geografi 2666
Kunst og estetikk 1973
Historie 1257
Teknologi og industri 886
Realfag 828
Medisin 766
Biologi 710
Samfunn 375
Sport og spill 331
Språk og litteratur 309
Religion og filosofi 203
Økonomi og næringsliv 43
Mat og drikke 31
Medier 18
Ordforklaringer 16
Psykologi 13

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *