170 vil arbeide i Store norske

Før jul lyste vi ut tre ledige stillingar i Store norske leksikon, og no har vi fått ein stor og veldig fin søknadsbunke å lese oss gjennom!

Det har kome 170 søknader til dei ledige stillingane, og det er veldig, veldig mange gode folk i bunken! Det er verkeleg hyggeleg å lese alle dei gode søknadene.

25 har søkt redaksjonssjefstillinga, 65 har søkt redaktør og 88 har søkt kommunikasjonsrådgjevar/netthovud. 

Vi kjem til å prioritere redaksjonssjef fyrst, deretter dei andre stillingane. I løpet av februar og mars håpar vi  annonsere kven som skal bli med og ta Store norske til nye høgder!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *