Konvertering frå gamle til nye kommunenummer

Det er sikkert fleire som sit og klør seg i hovudet over den nye kommunestrukturen. Nesten alle kommunane har fått nye nummer, og det er mange databasar som må oppdaterast.

Etter det vi kan sjå er det ingen som har lagt ut konverteringstabellar frå gamle til nye kommunenummer. Mange har sikkert laga dei, men det finst få spor av det på nettet.

Vi held på å oppdatere alle dei nye kommuneartiklane våre, og har sjølvsagt laga konverteringstabellar. Då tenkjer vi at vi like godt kan dele dei med resten av verda.

Finn du feil? Send dei til redaksjonen@snl.no.

Konvertering frå gamle til nye kommunenummer

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *