3,1 mill. lesarar i mars 2020. Ny rekord!

I mars 2020 hadde Store norske leksikon for fyrste gong over 3 millionar lesarar på éin månad. Totalt var det 3 114 279 unike brukarar innom snl.no i mars, og leksikonartiklane vart lese 12 millionar gongar denne månaden.

Unike brukarar per månad frå januar 2018 til og med mars 2020. Dei to lågaste månadene er juli 2018 og juli 2019.

Årsaka til dei høge brukartala er koronakrisa. Medisinartiklane i SNL er blitt lese svært mykje dei siste to vekene, og i tillegg blir leksikonet mykje brukt i heimeundervisning.

Årsaka til rekorden no i mars er tydelegare dersom ein ser på lesinga av leksikonet per time dei siste månadene. Unike brukarar i timen er nesten 50% høgare enn normalen.

Sjå Leksikonlesing i koronatider for meir om bruken av leksikonet dei to fyrste vekene av koronakrisa.