Foreningen Store norske leksikon har endra namn

På årsmøtet i Foreningen Store norske leksikon torsdag 20. mars 2020 vart det vedteke å endre namnet på foreininga som er utgjevar av m.a. Store norske leksikon frå Foreningen Store norske leksikon til Store norske leksikon.

Årsaka til namneendringa er rett og slett at det gamle namnet var så langt at dei siste orda ofte vart borte på brev m.m. Det skapte ein del administrative problem.

Namneendringa har ingen praktiske konsekvensar. Vi er framleis ei ideell foreining.