Høgskulen på Vestlandet inn i Store norske leksikon

Høgskulen på Vestlandet er blitt med som nytt medlem i Foreningen Store norske leksikon. SNL er Noregs største nettstad for forskingsformidling. – HVL har mykje kunnskap å dele med det norske folk, seier rektor Berit Rokne.

HVL blir den nittande medlemen av foreininga som finansierar og bidreg med fagleg kompetanse i Store norske leksikon. Alle dei norske universiteta og ei rekkje andre kunnskapsinstitusjonar er medlem i Store norske leksikon .

– Som den største høgskulen i landet ynskjer vi å slutte opp om den største formidlingsdugnaden i norsk kunnskapssektor, seier rektor Berit Rokne.

I mars hadde SNL.no for fyrste gong meir enn tre millionar unike brukarar på ein månad, og i 2020 vil det bli lese meir enn 100 millionar artiklar i leksikonet. Dei fleste av desse er skrivne eller kvalitetssikra av fagfolk ved norske universitet og høgskular. No vil Rokne at fagfolk ved HVL melder seg som leksikonformidlarar.

– HVL har mykje kunnskap å dele med det norske folk, seier ho.

Sjefredaktør i Store norske leksikon, Erik Bolstad, er svært oppglødd over å ha HVL med på leksikonlaget.

– Dette er eit selskap Høgskulen på Vestlandet verkeleg høyrer heime i.  HVL har store kompetansemiljø på fagområde som SNL ynskjer å styrke seg på. No ser vi fram til å kunne rekruttere fagfolk på desse områda, så  kunnskapen deira kan nå ut til folk i heile landet, seier Bolstad.

Den ikkje-kommersielle foreninga Store norske leksikon vart skipa i 2014, etter at Kunnskapsforlaget måtte gje opp å tene pengar på leksikon i Noreg. I underkant av 900 kompetente personar bidreg med å skrive, oppdatere og kvalitetssikre dei rundt 180 000 artiklane i leksikonet, som blir lese omlag 350 000 gonger kvar dag.

Les meir om foreininga Store norske leksikon

Har du lyst til å bidra som fagperson i Store norske leksikon?