Kjempestore norske leksikon

I år er det 20 år sidan Store norske leksikon kom på nett. Det er 13 år sidan Kunnskapsforlaget gav ut Store norske leksikon i papirform for siste gong. Det er 10 år sidan Kunnskapsforlaget gav opp å drive leksikonet vidare. Og det er 6 år sidan den ideelle foreininga Store norske leksikon vart etablert; det er vi som driv leksikonet i dag.

Korleis har Store norske leksikon vakse dei siste ti åra? Eg har gjort ein del søk i databasen vår, og er nesten forundra over kor mykje større leksikonet har blitt på ti år.

Dersom vi hadde gjeve ut Store norske leksikon i bokform i dag (det har vi ingen planar om), ville det vore rundt 51 band.

Tekstbasen vi overtok frå Kunnskapsforlaget i 2010 var i svært stor grad basert på papirleksikonet som kom ut frå 2005 til 2007. Det siste papirleksikonet var på 16 band. Det var på ca. 121 millionar teikn; i dag har vi ca. 343 millionar teikn og svært mange fleire bilete og illustrasjonar.

Frå 2010 til i dag har vi «berre» publisert 30 000 nye artiklar. Men i tillegg har vi oppdatert 127 000 artiklar som kom frå papirleksikonet, og vi har sletta meir enn 40 000 artiklar. I dag har vi 183 000 artiklar.

80 prosent av artiklane vi overtok frå papirleksikonet er blitt meir enn dobbelt så lange enn dei var i den siste bokutgåva. Det vil seie at det ikkje er så mykje att av tekstane frå papirleksikonet på snl.no i dag. Artiklane har blitt mykje lengre, dei har blitt utvida, oppdatert og fornya. Heldigvis.

Papirleksikonet Store norske leksikon var eit fantastisk verk, og var i 2007 det beste leksikonet som hadde blitt gjeve ut i Noreg nokon gong. Det dekte så og seie alle fagområde, var sånn nokolunde oppdatert, og vart laga av fagfolk frå heile landet. Men det var prega av å vere laga for papir: Artiklane var i snitt svært korte og meiningsinnhaldet var så komprimert at det er vanskeleg å lese tekstane på skjerm i dag.

I dag er vi framleis prega av papirleksikonet: Kategoriseringsstrukturen vår er i stor grad henta frå papirleksikonet, den redaksjonelle modellen der fagfolk og akademikarar skriv innhaldet er i stor grad henta frå papirleksikonet og hovudtyngda av oppslagsorda våre er frå papir.

Men sjølve innhaldet – artiklane – er i dag i svært liten grad basert på papirleksikonet. Dei er oppdatert, utvida og fornya av fagfolk frå heile landet. I dag har vi 900 fagansvarlege i leksikonet, som skal passe på at artiklane er oppdaterte og korrekte.