Meir nynorsk til fleire

Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon går saman om meir nynorsk leksikoninnhald på nettet frå 2021. Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir integrert i Store norske leksikon – eit samarbeid som styrkjer nynorsk kunnskapsformidling.

Ved å samarbeide i staden for å konkurrere har dei to institusjonane mål om å styrkje norsk fagspråk. Styra i begge organisasjonane er samrøystes og entusiastiske for samarbeidet.

– Avtalen gjer at fleire lesarar får tilgang til viktig innhald på nynorsk og om nynorsk kulturhistorie, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

– Store norske leksikon styrkjer seg med dette som nasjonalt leksikon. Det er sjølvsagt for oss og medlemene våre at begge dei norske skriftspråka vert styrkte som fagspråk, og vi er glade for å gje dei mange lesarane av Store norske leksikon meir nynorsk, seier styreleiar Knut Olav Åmås i Store norske leksikon.

Når fram til fleire lesarar

Sidan 2008 har Nynorsk kultursentrum, i lag med ulike samarbeidspartar, arbeidd med å byggje eit allment nynorsk oppslagsverk til bruk i skule, studium og fritid.

– Det er ressurskrevjande å konkurrere. Derfor vel vi i staden å gå i lag med ein større aktør som når fleire lesarar i same målgrupper som oss, for at innhaldet skal nå fleire, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Det skal framleis arbeide minst to årsverk med leksikon i Hovdebygda. Nynorsk kultursentrum skal også bidra med same økonomiske bidrag. Samstundes vil Store norske leksikon bruke meir tid og ressursar på nynorsk. I sum vert meir ressursar brukte på nynorske leksikonartiklar.

– Det hadde ikkje vore mogleg utan dette samarbeidet. Artikkelbudsjettet til Allkunne var brukt opp etter første kvartal. No vert det del av eit system som sikrar nytt og oppdatert innhald som når fleire, poengterer Sandsmark.

Store norske leksikon har frå før av artiklar på både nynorsk og bokmål, og om mange ulike emne. Med dette samarbeidet kjem fleire artiklar på nynorsk, og nye emne og personar som ikkje har hatt artiklar, vert dekte.

– Vi er glade for å kunne gjere mykje av det kvalitetsinnhaldet som har vore på Allkunne, tilgjengeleg for eit breiare publikum, seier sjefredaktør Erik Bolstad i Store norske leksikon.

Viktig for norsk fagspråk

Universitetet i Bergen er medlem av Store norske leksikon og stiftar av Nynorsk kultursentrum.

– For oss er dette viktig. Som kunnskapsinstitusjon har vi eit stort ansvar for å sikre norsk fagspråk, både bokmål og nynorsk. Dette samarbeidet gjer at vi universiteta og høgskulane som er med i Store norske leksikon, kan spele ei større rolle i arbeidet for nynorsk skriftkultur, seier Margareth Hagen, prorektor ved Universitetet i Bergen.

Fakta

  • Store norske leksikon er ein medlemsorganisasjon som driv ein av Noregs største nettstader. 23 organisasjonar, blant dei 12 universitet og høgskular, er medlemer. I 2020 blir det lese meir enn 100 millionar artiklar i Store norske leksikon.
  • Nynorsk kultursentrum er ei stifting som arbeider for nynorsk skriftkultur gjennom vitskapleg og kulturfagleg arbeid, blant anna med tre museum og festivalar i Ørsta, Ulvik og Vinje. 23 organisasjonar, blant dei 6 universitet og høgskular, er stiftarar.