Hittil i 2020 har 46 528 artiklar i SNL blitt oppdaterte. Det er litt fleire enn i heile 2019, og det er det høgaste talet oppdaterte artiklar nokon sinne i leksikonhistoria.
Oppdaterte artiklar i SNL per år 2009-2020 Hittil i 2020 er det oppdatert over 46 000 artiklar. Dersom tempoet held seg vil vi få oppdatert 73 000 artiklar i år. |
2020 er eit spesielt år på fleire måtar.
2020 er koronaåret
Mange frilansforfattarar mista alle andre oppdrag i vår, og gjennom eit samarbeid med NFFO og Fritt Ord har SNL delt ut skriveoppdrag og honorar til 103 kriseramma frilansforfattarar. 103 nye bidragsytarar har både gjeve mykje godt innhald og fått opp oppdateringstakta i leksikonet.
Pandemien har også gjort at lesinga av leksikonet har auka kraftig. I mars, april og mai hadde vi for fyrste gong over tre millionar unike brukarar (lesarar) i månaden, og brukartala hittil i år ligg 31 prosent over fjoråret.
Artiklane i leksikonet er lese 101 millionar gongar det siste året, det er fyrste gong vi har passert 100-millionar-grensa.
2020 er også «95 prosent oppdatert»-året
2020 er også året der vi i redaksjonen i Store norske leksikon håpar å få redigert og kvalitetskontrollert så og seie alt innhaldet vi overtok frå Kunnskapsforlaget. «95 prosent oppdatert» har vore mantraet i år.
Fram til i år har vi prioritert å oppdatere dei mest lesne artiklane. Dei minst lesne artiklane har vore nedprioritert, og i januar hadde vi over 45 000 lite lesne artiklar som ikkje hadde blitt oppdatert på minst 15 år. I sum var desse knapt lese, og stod for berre 4 prosent av lesinga av leksikonet. Mange av dei uoppdaterte artiklane var korte ordforklaringar og anna innhald som eigentleg ikkje treng oppdatering, men mykje var også dårleg og utdatert.
I år har vi verkeleg fått gjort noko med oppdateringsprosenten: Vi har oppdatert 18 003 uoppdaterte artiklar, i tillegg til at 28 525 andre artiklar også er oppdaterte.
I januar i år var 26 prosent av artiklane uoppdaterte. No er det 15 prosent. I januar neste år håpar eg at vi kan feire at det er under 5 prosent av artiklane som er uoppdaterte.
2020 er året leksikonet har auka mest i omfang
Hittil i år har leksikonet auka med 17 millionar teikn. Det er eit ganske abstrakt tal om ein ikkje er vand med å telje bokstavar, men det tyder at leksikonet er 9 prosent større enn ved årsskiftet fordi 39 890 artiklar har blitt oppdatert og utvida. Dersom vi framleis hadde gjeve ut papirleksikon, ville 17 millionar teikn vore om lag 2,5 band.
Det har heller aldri vore fleire bilete i leksikonet. Hittil i år er det lagt inn 19 000 nye bilete, og det er no 112 000 bilete i leksikonet. Det er framleis alt for få bilete, men det går framover.
2020 er året med flest bidragsytarar
Akkurat no er det 891 fagansvarlege i SNL, meir enn nokon sinne tidlegare. Det er rekruttert 146 nye i år (det er også ny rekord), og 54 er gått ut.
Hittil i år har vi hatt 1294 aktive bidragsytarar i SNL, litt fleire enn på same tid i fjor.