Nye 750 000 kr til frilansforfattarar

Oppdatering: PENGANE ER FORDELT

Samarbeidet mellom NFFO og SNL har fått svært god merksemd, og mange frilansforfattarar har teke kontakt for å skrive for SNL.

No har NFFO gjeve SNL 750 000 kr til. Det vil seie at vi har totalt 1,25 millionar kroner å dele ut til frilansarar som er ramma av korona-avlysingar og som har lyst til å skrive for SNL.

Mange av frilansarane som har meldt seg har allereie fått tilbakemelding frå oss. Vi sender ut fleire tilbod i dag og i morgon, og arrangerer videokurs i leksikonskriving fredag 20. mars og i neste veke.

Er du frilansar? Vil du skrive for SNL? Meld deg her!

Les pressemeldinga frå NFFO.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *