10 000 nynorskartiklar i SNL

For litt over eitt år sidan trappa SNL opp satsinga på å få meir innhald på nynorsk, og i dag vippa vi 10 000 nynorskartiklar i SNL. Det er ein gledeleg milepæl.

Med artikkelen om klimaflyktningar har SNL no runda 10 000 leksikonartiklar på nynorsk.

I 2020 innleidde Store norske leksikon og Nynorsk kultursentrum eit strategisk samarbeid for å få meir nynorskinnhald i SNL. Store norske leksikon overtok nynorskleksikonet Allkunne, og i løpet av det siste året er rundt 1000 artiklar frå Allkunne flytta over til SNL. I tillegg er fleire tusen andre artiklar omsette til nynorsk eller nypubliserte på nynorsk.

Det er viktig for SNL å ha innhald på både nynorsk og bokmål. Noreg er eit fleirspråkleg land, og nasjonalleksikonet SNL må bruke båe målformene om vi skal spegle heile landet.

Det er no nynorskartiklar i alle hovudkategoriane i SNL. I tillegg til artiklar frå Allkunne som er flytta til SNL er det omsett fleire tusen artiklar. Satsinga på bunad og folkedrakter har gjeve rundt 1000 nynorskartiklar, det er publisert over 5000 nynorskartiklar om førenamn og i tillegg er fleire av dei mest lesne artiklane omsett til nynorsk.

Vi har òg sett på lesinga av artiklane før og etter omsetjing. Førebels ser det ut til at lesinga held seg relativt stabil. Målform ser altså ikkje ut til å ha stor innverknad på lesinga. Høgskulen i Volda og Høgskulen på Vestlandet er i gang med eit forskingsprosjekt for å sjå på korleis målform verkar inn på lesinga av artiklane. Då får vi ein meir grundig gjennomgang av statistikken.

Lesetips: Eit utval gode artiklar på nynorsk i SNL

Dei mest lesne nynorskartiklane i SNL

  1. hinduisme
  2. svartedauden
  3. Land i Europa
  4. Ivar Aasen
  5. Jesus
  6. norsk språkhistorie
  7. Immanuel Kant
  8. norrønt
  9. pandemi
  10. protestantisme
  11. Kina
  12. nynorsk
  13. helse
  14. Den islamske staten (IS)
  15. anafylaktisk sjokk
  16. sosiolekt
  17. mellomnorsk
  18. Norsk Ordbok
  19. jernteppet
  20. trøndersk
  21. nordnorsk
  22. anafylaksi
  23. Håvamål
  24. histamin
  25. abiotiske faktorar
  26. biotiske faktorar
  27. elementærpartikkel
  28. kasus (grammatikk)
  29. borgerrettsbevegelsen
  30. Max Weber
  31. subjektiv
  32. Voluspå
  33. kløyvd infinitiv
  34. produsent (biologi)
  35. poliklinikk
  36. vestnorsk
  37. lemenår
  38. Kleopatra
  39. hygiene
  40. Pride
  41. Heimskringla
  42. norsk alfabet
  43. morfologi (grammatikk)
  44. Peter Wessel Tordenskiold
  45. Ålesund
  46. diagnose
  47. anamnese (medisin)
  48. epikrise
  49. satellitt
  50. Åsgårdsrei
  51. preteritum
  52. Magnus Lagabøters landslov
  53. Høyesterett
  54. landsmål
  55. Tarjei Vesaas
  56. Graham Greene
  57. kvitveis
  58. Gunnlaug Ormstunges saga
  59. dialekter i Sogn og Fjordane
  60. dialekter i Nordland
  61. Halldis Moren Vesaas
  62. humaniora
  63. nøkkelart
  64. ordbok
  65. blåveis
  66. parasitt
  67. Kygo
  68. dialekter og språk i Finnmark
  69. dialektar i Østfold
  70. albedoeffekt
  71. Kåre Mol
  72. studentopprøret
  73. jamstillingsvedtaket
  74. fele
  75. mobbing
  76. dialekter og språk i Troms
  77. atopi
  78. Kari Bremnes
  79. endringar i norske dialektar
  80. Den store nordiske krigen
  81. Tora
  82. Galdhøpiggen
  83. predator
  84. folkedans i Noreg
  85. lagting
  86. norvagisering
  87. dialekter i Hallingdal
  88. dativ
  89. romani
  90. komparativ
  91. prednisolon
  92. Jean Calvin
  93. Noregs Mållag
  94. dugnad
  95. klassisk musikk
  96. dialekter på Sunnmøre
  97. Ingebjørg Bratland
  98. bots- og bønnedag
  99. Oskar Schindler
  100. ølkjellarkuppet