Tidleg i haust lyste vi ut tre ledige stillingar i Store norske leksikon, og no har vi fått ein stor og veldig fin søknadsbunke å lese oss gjennom!
Det har kome 333 (!) søknader til dei ledige stillingane, og det er veldig, veldig mange gode folk i bunken! Det er verkeleg hyggeleg å lese alle dei gode søknadene.
73 har søkt kommunikasjonsrådgjevar, 93 har søkt redaktør og 167 har søkt redaksjonssekretær. Alle søkjarane fekk e-post med stadfesting om at søknaden er motteke 11. oktober. Dersom du har søkt og ikkje fått e-post frå oss kan du ta kontakt med redaksjonen@snl.no.
Det vil ta litt tid å lese gjennom alle søknadene, men vi reknar med å kalle inn dei fyrste til intervju om eit par veker. I løpet av november og desember håpar vi annonsere kven som skal bli med og ta Store norske leksikon til nye høgder!