Biologiryddjing

SNL har 13 405 artiklar om biologi. Vi har artiklar om dyr, planter, algar, ordenar, rike, grupper og biologiske termar.

Dei siste par månadene har Jon Peder Lindemann arbeidd i SNL for å rydje i biologiartiklane. Vi har konsentrert oss om artiklane om artar og taksonomiske nivå. Vi har kontrollert at vi brukar riktige vitskaplege (latinske) namn, og har laga ein ny struktur for biologiartiklane basert på Artsdatabanken og biologidatabasen GBIF.

Alle artar og taksonomiske nivå er kopla til Artsdatabanken, GBIF eller andre biologidatabasar. Vi kjem til å publisere koplingar til desse databasane, slik at SNL i større grad blir del av ein semantisk vev der informasjon om biologi blir kopla på tvers. I botn av artikkelen om molte har vi lagt inn fleire eksempel på slike koplingar. Slike metadata vil gjere det langt enklare å oppdatere artiklane automatisk når det kjem revisjonar av biologisk systematikk.

Rydjinga i biologiartiklane vil skje i fleire trinn: Alle artiklar blir flytta til riktig kategori, vil få oppdatert vitskapleg namn og oppdaterte metadata før jul. Til neste år kjem vi til å leggje inn tabellar over systematikk, utbreiingskart og fleire bilete i desse artiklane.

Info til fagansvarlege

Fagansvarlege for biologi i leksikonet treng ikkje gjere noko spesielt med artiklane no. Etter kvart vil de få lister over artiklar som vi treng hjelp til å kategorisere (for eksempel artiklar som handlar om fleire artar fordelt på fleire famliar).

I faktaboksane vil det etter kvart dukke opp nye felt med ID-ar til Artsdatabanken, GBIF og liknande databasar. Det er viktig at desse ikkje blir fjerna, elles vil vi ikkje få til å oppdatere metadata automatisk i framtida. Når det blir publisert ny systematikk vil vi kunne oppdatere dette automatisk ved å bruke desse ID-ane.

Tabellar med systematikk i artikkelteksten skal fjernast etter kvart, og erstattast av tilsvarande tabellar som blir automatisk generert for alle artar. Her vil redaksjonen gjere det meste av arbeidet.

Vi kjem til å opprette kategoriar for alle taksonomiske nivå. Vi forsøker å kople riktig fagansvarleg til riktig kategori. Dersom du har lyst til å ta ansvar for fleire kategoriar kan du ta kontakt med redaktøren din.

Artikkelteksten kan oppdaterast som vanleg.