I 2021 kjem det artiklar om alle dei norske bunadene, norske folkedrakter, samiske folkedrakter og meir på snl.no.
Tekstane kjem frå storverket Norsk bunadleksikon. Store norske leksikon har overteke digitale publiseringsrettar til bunadleksikonet, og i løpet av dei neste månadene kjem vi til å publisere 1931 artiklar om bunader, folkedrakter og tilhøyrande tema.
Norsk bunadleksikon vart gjeve ut i tre band av Cappelen Damm i 2006. I 2013 kom den reviderte eittbindsutgåva, og det er tekstane frå denne utgåva som vil bli publisert på snl.no.
Tekstane i Norsk bunadleksikon skildrar bunadane slik dei er i produksjon i dag, og fortel samtidig om bakgrunnen og historia, kor lenge bunadene har vore i bruk og korleis dei er kopla til dei gamle folkedrakttradisjonane. Dei nesten 2000 bileta viser det store mangfaldet blant bunadene og dei samiske folkedraktene.
Det faglege arbeidet med bunadartiklane i Store norske leksikon vil bli gjort av Bjørn Sverre Hol Haugen (redaktør for papirutgåva av Norsk bunadleksikon) og Barbro Storlien (bunadvitar, leiar i Norges Husflidslag).
Til utgjevinga av Norsk bunadleksikon vart dei laga ei eige ordliste med oversyn over omgrep knytt til bunad og folkedrakt. I den lange historia til folkedraktene har det vakse fram eit stort omgrepsapparat og eigne termar både for draktdelar og handverk. Vi er glade for å kunne gjere desse ordforklaringane tilgjengeleg på nett. Alle ordforklaringane har blitt gjennomgått og utvida, og vil bli oppdatert i løpet av dei neste månadene. Børge Nordbø (magister i norrøn filologi og tidl. ordboksredaktør) har gjort det faglege arbeidet med å gjennomgå og utvide ordforklaringane.
Folkedraktene er ein viktig del av den norske kulturhistoria. Vi i Store norske leksikon er glade for å kunne gjere dei kvalitetssikra og gjennomarbeidde tekstane frå Norsk bunadleksikon tilgjengeleg på nett; slik at fleire kan lese og lære om denne delen av historia vår.
- Oversyn over artiklar frå Norsk bunadleksikon i Store norske leksikon
(blir oppdatert fortløpande etter kvart som bunadsartiklane blir publiserte).