Ein milepæl i leksikonhistoria: Alle artiklar er gjennomgåtte

I dag vart den siste av 181 589 artiklar i Store norske leksikon gjennomgått (den siste artikkelen var galeas). Det tyder at samtlege artiklar som kom frå papirleksikonet i si tid no er gått gjennom, og at redaksjonen og dei fagansvarlege i leksikonet no kan starte med å prioritere opp att arbeidet med dei viktigaste og mest lesne artiklane.

Artikkelen om seilskutetypen galeas var den siste uoppdaterte artikkelen i SNL som vart oppdatert.

Vi som i dag er foreininga Store norske leksikon overtok SNL frå Kunnskapsforlaget i 2010/2011. Det tok nokre år å få på plass ein god organisasjons- og finansieringsmodell for leksikonet, og det var ikkje før i 2015 at vi hadde fyrste heile driftsår med ein stabil organisasjon og finansiering.

Dei fyrste åra etter at vi fekk på plass ein god organisasjon og redaksjon prioriterte vi arbeidet med dei mest lesne artiklane. Dei svært lite lesne artiklane vart nedprioritert. Hausten 2016 var 40 prosent av artiklane i leksikonet anten nyskrivne artiklar for nettleksikonet, eller oppdaterte artiklar frå papir. 60 prosent var artiklar frå papirleksikonet som ikkje hadde blitt oppdaterte på minst 11 år.

«Den lange halen»: Artiklar i Store norske leksikon sortert etter lesartal. Nokre få artiklar blir lesne svært mykje, medan fleirtalet av artiklane har relativt låge lesartal. Dei 1000 mest lesne artiklane står for 30 prosent av lesinga av leksikonet. Dei 100 000 minst lesne artiklane står for 1 prosent av lesinga.

I 2020 sette vi oss eit ambisiøst mål: 95 prosent av artiklane i leksikonet skulle vere gjennomgåtte. Vi skulle støvsuge krokane og prioritere opp arbeidet med å få kvalitetskontrollert mange av dei minst lesne artiklane. Det var eit enormt stort løft: I løpet av 2020 oppdaterte vi 82 000 artiklar.

Årsaka til at vi ville gå gjennom alle artiklane var for å gjere grunnleggjande kvalitetssikring, vurdere artiklar for sletting og å lage prioriterte arbeidsliste for fagekspertane som oppdaterer artiklane i leksikonet. Vi visste at vi ikkje ville kunne gjere alle artiklane perfekte, men det var viktig for oss å få eit skikkeleg overblikk over innhaldet vårt.

No er endeleg dette arbeidet sluttført: I dag vart den siste artikkelen vi overtok frå papirleksikonet gått gjennom.

Artiklar i SNL etter siste oppdateringsår. 65 prosent av artiklane er oppdatert i år eller i fjor. 1 prosent av artiklane er sist oppdatert mellom 2012 og 2015.

At alle artiklar i leksikonet no er gjennomgåtte tyder ikkje at vi er nøgde med alle saman. Av 181 000 artiklar er det ca 19 000 som vi ikkje er nøgde med, og som ligg på arbeidslistene til ein fagansvarleg. Og i tillegg kjem alle artiklar vi burde hatt, og som ikkje er med i leksikonet enno.

Leksikonarbeid er litt som sisyfosarbeid: Når vi har kome oss gjennom «alt», er det berre å starte på nytt igjen! (Artikkelen om sisyfosarbeid er for eksempel ein artikkel som burde vore mykje større og betre.)