Vil du bli ein del av verdas beste leksikonredaksjon?

Store norske leksikon har plass til nye personar i redaksjonen. Vi ser etter kunnskapsrike og ambisiøse folk, som brenn for kunnskapsformidling, diggar leksikon (og som er hyggelege å spise lunsj med :-).

Vi har lagt ut tre stillingsannonsar no (søknadsfrist 10. oktober 2021):

Redaktør- og kommunikasjonsrådgjevarstillingane er i utgangspunktet heiltidsstillingar; redaksjonssekretæren ei deltidsstilling. Vi har ikkje superhøge løningar, men til gjengjeld er det stor fleksibilitet og gode arbeidsvilkår. Stillingsprosentar og slikt er mogleg å diskutere. Arbeidsstad er Oslo sentrum.

Dersom du ikkje passar 100% inn i stillingsannonsane over, men har lyst på ein jobb i leksikonet, kan du søkje likevel. Fortel oss kva akkurat du kan bidra med for å ta leksikonet til nye høgder!

Store norske er eit unikt kunnskapsprosjekt. Vi er eitt av få nasjonalleksikon som har klart overgangen til ein digital tidsalder med ein open publiseringsmodell og høge lesartal. Vi ynskjer å bidra til å gjere det norske internettet betre, ved å gjere kvalitetssikra kunnskap lett tilgjengeleg for folk. Vi har opp mot 3,2 millionar unike brukarar i månaden, og det blir lese opptil 600 000 artiklar kvar dag. Mykje av innhaldet i leksikonet er no svært godt, men vi har eit stort etterslep av artiklar som burde vore mykje betre. Vil du vere med på det?

Det er ingen i den faste redaksjonen som skriv artiklane i leksikonet. Vi er arbeidsleiarar, redigerarar og inspiratørar for 1000 fagansvarlege og forfattarar. Vi har akkurat fullført gjennomgangen av alle artiklane i leksikonet; så no framover blir SNL ein endå morsommare plass å arbeide!

Redaksjonen sit i Grensen 3, like ved Stortorget i Oslo. Vi har ikkje ope landskap, men 2-5 personar på kvart kontor; det er sosialt og hyggeleg, men likevel roleg nok til konsentrasjon. Vi reiser relativt mykje – mest til universiteta for å møte fagansvarlege, men også til utlandet for å møte kollegaer. Redaktørane har stor fridom i arbeidskvardagen.

Vi vil gjerne at du set deg inn i jobben før du søkjer

Tips til søknaden:

Skriv eit søknadsbrev der du fortel om deg sjølv, kvifor du trur at du passar til stillinga, kva du kan tilføre redaksjonen og leksikonet og kvifor du har lyst til å arbeide hos oss. Dersom du trur at du kan passe i fleire av stillingane er det fint om du forklarer det. Vi er særleg opptekne av språkkompetansen din, erfaring du har med tekstarbeid og digital erfaring.

Les stillingsutlysingane grundig. Les årsmeldinga vår og dei andre lenkene du finn over. Ikkje skriv den same søknaden som du har brukt andre stader tidlegare: Fortel oss kvifor du har lyst til å arbeide i leksikonet! Gje oss gjerne også kritikk – kva tykkjer du kan bli betre?

CV-en din bør gje oversyn over yrkeserfaring, utdanning og anna relevant erfaring, og fødselsåret ditt må vere med. Skriv om språk du kan (særleg bokmål og nynorsk). Om du har fleirkulturell bakgrunn, eller har annan kompetanse som er særleg relevant for oss bør det gå klart fram. Om du brenn for ei spesiell sak er det òg ein god ting å framheve.

Du treng ikkje sende oss vitnemål eller attestar i fyrste runde, men legg gjerne ved eksempel på formidlingsarbeid du har gjort. Vi kjem heller ikkje til å sjekke referansar før du har vore på intervju minst ein gong. Vi har ikkje offentlege søkjarlister, og namnet ditt blir ikkje publisert nokon stad.

Tips til ting som gjer at vi hoppar over søknader: Mange skrivefeil eller dårleg språk, gjenbruk av søknader som er sendt andre stader, søknader som manglar CV eller søknadsbrev.

Søknadsfrist: 10. oktober 2021

9 av 13 redaktørar i SNL.
Bak frå venstre: Ola, Gunn Hild, Kjell Olav og Halvard.
Sitjande i sofaen: Jostein, Ida og Anne.
På golvet: Erik. I saccosekken: Guro.