Vil du bli ein del av verdas beste leksikonredaksjon?

Store norske leksikon har plass til nye personar i redaksjonen. Vi ser etter kunnskapsrike og ambisiøse folk, som brenn for kunnskapsformidling, diggar leksikon (og som er hyggelege å spise lunsj med :-).

Vi har lagt ut tre stillingsannonsar no (søknadsfrist 10. oktober 2021):

Redaktør- og kommunikasjonsrådgjevarstillingane er i utgangspunktet heiltidsstillingar; redaksjonssekretæren ei deltidsstilling. Vi har ikkje superhøge løningar, men til gjengjeld er det stor fleksibilitet og gode arbeidsvilkår. Stillingsprosentar og slikt er mogleg å diskutere. Arbeidsstad er Oslo sentrum.

Dersom du ikkje passar 100% inn i stillingsannonsane over, men har lyst på ein jobb i leksikonet, kan du søkje likevel. Fortel oss kva akkurat du kan bidra med for å ta leksikonet til nye høgder!

Store norske er eit unikt kunnskapsprosjekt. Vi er eitt av få nasjonalleksikon som har klart overgangen til ein digital tidsalder med ein open publiseringsmodell og høge lesartal. Vi ynskjer å bidra til å gjere det norske internettet betre, ved å gjere kvalitetssikra kunnskap lett tilgjengeleg for folk. Vi har opp mot 3,2 millionar unike brukarar i månaden, og det blir lese opptil 600 000 artiklar kvar dag.

Det er ingen i den faste redaksjonen som skriv artiklane i leksikonet. Vi er arbeidsleiarar, redigerarar og inspiratørar for 1000 fagansvarlege og forfattarar. Vi har akkurat fullført gjennomgangen av alle artiklane i leksikonet; så no framover blir SNL ein endå morsommare plass å arbeide!

Vi vil gjerne at du set deg inn i jobben før du søkjer

Tips til søknaden:

Skriv eit søknadsbrev der du fortel om deg sjølv, kvifor du trur at du passar til stillinga, kva du kan tilføre redaksjonen og leksikonet og kvifor du har lyst til å arbeide hos oss. Dersom du trur at du kan passe i fleire av stillingane er det fint om du forklarer det. Vi er særleg opptekne av språkkompetansen din, erfaring du har med tekstarbeid og digital erfaring.

Les stillingsutlysingane grundig. Les årsmeldinga vår og dei andre lenkene du finn over. Ikkje skriv den same søknaden som du har brukt andre stader tidlegare: Fortel oss kvifor du har lyst til å arbeide i leksikonet!

CV-en din bør gje oversyn over yrkeserfaring, utdanning og anna relevant erfaring. Skriv om språk du kan (særleg bokmål og nynorsk). Om du har fleirkulturell bakgrunn eller annan kompetanse som er særleg relevant for oss bør det gå klart fram.

Søknadsfrist: 10. oktober 2021

9 av 13 redaktørar i SNL.
Bak frå venstre: Ola, Gunn Hild, Kjell Olav og Halvard.
Sitjande i sofaen: Jostein, Ida og Anne.
På golvet: Erik. I saccosekken: Guro.