Tegneserie om SNL fra 2013

I 2013 lagde Ida Jackson flere tegneserier om leksikonet, redaksjonen, fagansvarlige m.m. for å forklare hva SNL-prosjektet egentlig handlet om.

I dag fant vi en av disse tegneseriene i et gammelt digitalt arkiv, og syntes det var så gøy å se dem igjen at vi fikk lyst til å dele. Noe har endret seg fra 2013, men mye er det samme.

Leksikonåret 2021 i tal

2021 vart eit nytt godt år for Store norske leksikon, med bruksrekordar, skyhøg oppdateringstakt og kraftig auke i talet artiklar.

Vi sette fleire rekordar i 2021:

  • På det meste var det 3,2 millionar unike brukarar på éin månad (mars 2021)
  • På det meste vart artiklane lesne 608 000 gongar på ein dag (21. januar 2021)
  • Artiklane vart til saman lesne 112 millionar gongar i 2021
  • 58 000 artiklar vart oppdaterte, 84 prosent av artiklane er oppdaterte dei tre siste åra
  • Det var 1916 aktive bidragsytarar i leksikonet i 2021, av desse var 61 prosent friviljuge som kom med endringsframlegg (alle endringsframlegg frå friviljuge bidragsytarar blir kvalitetssikra av ein fagansvarleg eller redaktør før publisering)

Store norske leksikon i tal

Unike brukarar og lesne artiklar

Det har aldri vore fleire lesarar av leksikonet enn i 2021. I mars var for fyrste gong meir enn 3,2 millionar unike brukarar innom snl.no.

Artiklane i leksikonet vart lesne 112 millionar gongar i 2021, også det er ny rekord.

Oppdaterte artiklar

I 2021 oppdaterte vi 58 187 artiklar, 30 prosent færre enn i 2020, men 34 prosent meir enn i 2019. Vi er svært godt nøgde med oppdateringstakta i 2021.

2020 var det store «oppdatere så mykje som mogleg i heile leksikonet»-året, og i løpet av 2020 fekk vi gått gjennom 96 prosent av artiklane som vi hadde overteke frå Kunnskapsforlaget. Fram til 2020 hadde vi prioritert dei mest lesne artiklane, i 2020 støvsugde vi grundig i alle krokane. Vi kjem nok ikkje til å oppdatere så mange artiklar på eitt år igjen – det var eit enormt løft.

Vi har eit internt kvalitetsvurderingsverkty der artiklane blir målt på ein skala frå 1 (super-artiklar) til 5 (kritiske problem). Slik fordeler artiklane seg no ved årsskiftet:

Fagansvarlege, forfattarar og friviljuge bidragsytarar

Det har aldri vore fleire bidragsytarar til leksikonet. I 2021 håpte vi å nå målet om 1000 fagansvarlege. Vi nådde det ikkje heilt – ved årsskiftet var det 986 fagansvarlege – men vi er glade for at det både er fleire fagansvarlege enn nokon sinne, og at talet på friviljuge bidragsytarar òg har auka kraftig.

Språk

I 2020 innleidde Store norske leksikon og Nynorsk kultursentrum eit strategisk samarbeid for å få meir nynorskinnhald i SNL. Store norske leksikon overtok nynorskleksikonet Allkunne, og i løpet av det siste året er rundt 1000 artiklar frå Allkunne flytta over til SNL. I tillegg er fleire tusen andre artiklar omsette til nynorsk eller nypubliserte på nynorsk.

Lesinga av nynorskartiklane i SNL er no rundt tre gongar høgare enn lesinga av heile Allkunne.no til saman. Det viser at satsinga med å auke talet nynorskartiklar i SNL har fungert: Det er no fleire som les nynorsk enn tidlegare, og SNL speglar det språklege mangfaldet i Noreg på ein betre måte enn tidlegare. Satsinga på å auke nynorskinnhaldet i SNL vil halde fram i 2022.

Mest lesne artiklar i 2021

  1. islam (fagansvarleg Kari Vogt, UiO)
  2. første verdenskrig (fagansvarleg Eirik Brazier, USN)
  3. buddhisme (fagansvarleg Jens Wilhelm Borgland, UU)
  4. jødedom (fagansvarleg Bente Groth)
  5. hinduisme (fagansvarleg Knut A. Jacobsen, UiB)
  6. andre verdenskrig (fagansvarleg Gunnar D. Hatlehol, NTNU)
  7. Den franske revolusjon (fagansvarleg Kai Peter Østberg, USN)
  8. samer (fagansvarleg Mikkel Berg-Nordlie, OsloMet)
  9. stjernetegn (fagansvarleg Geir Winje, USN)
  10. kristendom (fagansvarleg Hallgeir Elstad, UiO)
  11. narsissistisk personlighetsforstyrrelse (fagansvarleg Sigmund Karterud, UiO)
  12. svartedauden (fagansvarleg James Godbolt, USN)
  13. den kalde krigen (fagansvarleg Hallvard Tjelmeland, UiT)
  14. opplysningstiden (fagansvarleg Trond Ove Tøllefsen, UU)
  15. periodesystemet (fagansvarleg Bjørn Pedersen, UiO)
  16. demokrati (fagansvarleg Dag Einar Thorsen, USN)
  17. den industrielle revolusjon (fagansvarleg James Godbolt, USN)
  18. spanskesyken (fagansvarleg Olav Dalgard, UiO)
  19. De ti bud (fagansvarleg Kristin Joachimsen, MF)
  20. kommunisme (fagansvarleg Dag Einar Thorsen, USN)
  21. Holocaust (fagansvarleg Vibeke Kieding Banik, HLS)
  22. Land i Europa (fagansvarleg Sten Lundbo)
  23. Vietnamkrigen (fagansvarleg Stein Tønnesson, PRIO)
  24. Adolf Hitler (fagansvarleg Gunnar D. Hatlehol, NTNU)
  25. velferdsstat (fagansvarleg Tore Hansen, UiO)
  26. middelalderen (fagansvarleg David Brégaint, NTNU)
  27. realisme (litteratur) (fagansvarleg Erik Bjerck Hagen, UiB)
  28. Norge under andre verdenskrig (fagansvarleg Torgeir Ekerholt Sæveraas)
  29. samenes historie (fagansvarleg Mikkel Berg-Nordlie, OsloMet)
  30. renessansen
  31. vikingtiden (fagansvarleg Bjørn Bandlien, USN)
  32. Norge (fagansvarleg Geir Thorsnæs)
  33. maktfordelingsprinsippet (fagansvarleg Dag Einar Thorsen, USN)
  34. drivhuseffekten (fagansvarleg Jostein Mamen, Met)
  35. DNA (fagansvarleg Lene Martinsen, UiO)
  36. nazisme (fagansvarleg Dag Einar Thorsen, USN)
  37. sperregrense (fagansvarleg Eirik Holmøyvik, UiB)
  38. etikk (fagansvarleg Mathea Slåttholm Sagdahl, UiT)
  39. sosialisme (fagansvarleg Dag Einar Thorsen, USN)
  40. Jehovas vitner (fagansvarleg Svein Ivar Langhelle, UiS)
  41. fascisme (fagansvarleg Dag Einar Thorsen, USN)
  42. tabell over store tall (fagansvarleg Jon Eivind Vatne, HVL)
  43. Ivar Aasen (fagansvarleg Tove Bull, UiT)
  44. Henrik Ibsen (fagansvarleg Erik Bjerck Hagen, UiB)
  45. Sokrates (fagansvarleg Hallvard Fossheim, UiB)
  46. fotosyntese (fagansvarleg Halvor Aarnes, UiO)
  47. rasisme (fagansvarleg Aksel Tjora, NTNU)
  48. modernisme (litteratur) (fagansvarleg Erik Bjerck Hagen, UiB)
  49. liberalisme (fagansvarleg Dag Einar Thorsen, USN)
  50. påske
  51. Cubakrisen (fagansvarleg Hallvard Tjelmeland, UiT)
  52. atom (fagansvarleg Jan Olav Eeg, UiO)
  53. pliktetikk (fagansvarleg Mathea Slåttholm Sagdahl, UiT)
  54. Berlinmuren (fagansvarleg Trond Ove Tøllefsen, UU)
  55. nasjonalromantikk
  56. Norges litteraturhistorie (fagansvarleg Erik Bjerck Hagen, UiB)
  57. den ortodokse kirke (fagansvarleg Berit S. Thorbjørnsrud, UiO)
  58. nasjonalisme (fagansvarleg Ellen Jenny Ravndal, UiS)
  59. nervesystemet (fagansvarleg Per Holck, UiO)
  60. Den russiske revolusjon (fagansvarleg Åsmund Egge, UiO)
  61. bukspyttkjertelen (fagansvarleg Bjørn Olav Åsvold, NTNU)
  62. Kristoffer Columbus (fagansvarleg Carl Fredrik Feddersen, UiA)
  63. norrøn mytologi (fagansvarleg Ellen Marie Næss, UiO)
  64. de største byene i Norge (fagansvarleg Geir Thorsnæs)
  65. Jesus (fagansvarleg Hallgeir Elstad, UiO)
  66. ytringsfrihet (fagansvarleg Kjetil Mujezinović Larsen, UiO)
  67. Australia
  68. karbohydrater (ernæring) (fagansvarleg Birger Svihus, NMBU)
  69. Aristoteles (fagansvarleg Hallvard Fossheim, UiB)
  70. parlamentarisme (fagansvarleg Dag Einar Thorsen, USN)
  71. økosystem (fagansvarleg Irja Ida Ratikainen, NTNU)
  72. virus (fagansvarleg Jörn Klein, USN)
  73. reformasjonen (fagansvarleg Tarald Rasmussen, UiO)
  74. Platon (fagansvarleg Hallvard Fossheim, UiB)
  75. Koreakrigen (fagansvarleg Geir Helgesen, KU)
  76. Charles Darwin (fagansvarleg Kjetil Lysne Voje, UiO)
  77. Olav den hellige (fagansvarleg Bjørn Bandlien, USN)
  78. Romerriket (fagansvarleg Jon Wikene Iddeng, USN)
  79. psykopati (fagansvarleg Sigmund Karterud, UiO)
  80. romantikken (litteratur) (fagansvarleg Erik Bjerck Hagen, UiB)
  81. Buddha (fagansvarleg Jens Wilhelm Borgland, UU)
  82. norsk språkhistorie
  83. planeter (fagansvarleg Kaare Aksnes, UiO)
  84. dialekter i Norge (fagansvarleg Martin Skjekkeland, UiA)
  85. imperialisme (fagansvarleg Ellen Jenny Ravndal, UiS)
  86. bakterier (fagansvarleg Reidun Sirevåg, UiO)
  87. Et dukkehjem (fagansvarleg Erik Bjerck Hagen, UiB)
  88. barokken
  89. Henrik Wergeland (fagansvarleg Erik Bjerck Hagen, UiB)
  90. energi
  91. islams fem søyler (fagansvarleg Ragnhild Johnsrud Zorgati, UiO)
  92. USAs historie (fagansvarleg Helge Pharo, UiO)
  93. hjernen (fagansvarleg Kashif Waqar Faiz, Ahus)
  94. Versailles-traktaten (fagansvarleg Eirik Brazier, USN)
  95. etos (fagansvarleg Jan Grue, UiO)
  96. nyrene (fagansvarleg Per Holck, UiO)
  97. EU (Den europeiske union) (fagansvarleg Jarle Trondal, UiA)
  98. terrorangrepene i Norge 22. juli 2011
  99. fornorskingspolitikk (fagansvarleg Susann Funderud Skogvang)
  100. mutasjon (fagansvarleg Lene Martinsen, UiO)