For berre seks år sidan hadde knapt 10 prosent av artiklane i Store norske leksikon bilete. No har snart halvparten av artiklane bilete, og det er lagt til 50 000 bilete berre hittil i år.
Bilete er ein viktig del av eit leksikon. Det er forklarande illustrasjonar, portrettbilete av kjende folk, landskapsbilete frå kommunar og mange andre typar illustrasjonar som gjer at artiklane våre blir betre.
170 000 nye bilete på seks år
Vi har hatt ei storsatsing på bilete i fleire år, og dei siste seks åra har vi lagt inn 170 000 nye bilete:
I 2017 la vi til over 10 000 illustrasjonar som opprinneleg vart laga for papirleksikonet og 3100 portrettfoto frå Norsk biografisk leksikon. Dette var to svært store prosjekt, som mellom anna førte til at vi fekk tilgjengeleggjort bilete av rundt 1000 nordmenn som det ikkje fanst bilete av på internett frå før.
Kvar får vi bilete frå?
I åra etter har vi hatt mange ulike tilnærmingar for å få fleire bilete:
- Vi har eit godt samarbeid med NTB, og har tilgang til heile det historiske biletarkivet deira.
- Vi hentar bilete frå Getty Images, der kanskje særleg Hulton Archive har mykje fine bilete.
- Vi har henta fleire tusen bilete frå Nasjonalbiblioteket og Digitalt Museum, to viktige norske kjelder.
- Vi har brukt opne biletbasar som GBIF for å hente bilete av fuglar og dyr, og lukka basar som danske Biopix og fleire andre.
- Vi hentar illustrasjonsfoto fra biletbasar som Shutterstock.
- Vi har mange fagansvarlege som hentar bilete frå ei rekkje ulike kjelder til artiklane dei har ansvar for.
- Vi har nokre få eksterne biletmedarbeidarar som legg inn bilete frå eige arkiv.
- Vi får svært mange bilete av friviljuge bidragsytarar kvart einaste år. Dette er profesjonelle fotografar og amatørfotografar som sender inn bilete til oss. Tusen takk!
Vi prioriterer å betale for ein tilgang til ein del biletarkiv. Det gjer vi fordi SNL er blant dei få oppslagsverka som kan gjere desse bileta tilgjengelege for alle. Vi brukar sjølvsagt også svært mange bilete som er falt i det fri, eller har ein Creative Commons-lisens; på same måte som for eksempel Wikipedia.
Satsingar i 2022
I 2022 har vi fått inn særleg mange bilete innan biologi. Mange av desse kom i samband med prosjektet for å få artiklar om alle fuglar i verda i SNL. Vi arrangerte ein slags «Fugle-Tinder», der mange friviljuge hjelpte oss med å velje ut dei finaste bileta til artiklane.
Men det er ikkje berre innan biologi vi har satsa: Innan hovudkategorien Kunst og estetikk er det lagt til nesten 5000 nye bilete, i hovudsak av kunstnarar og verka deira (takk til BONO for litt av det!) Innan historie er det lagt til 4000 nye bilete, særleg portrettbilete av viktige historiske personar. Innan litteratur er det lagt til 3000 bilete av forfattarar. Og i geografi er det lagt til bilete av 1500 stader. Alt dette er tal for 2022 samanlikna med 2021.
Korleis fordeler bileta seg i SNL?
Hovudkategori | Andel med bilete 2018 | Andel med bilete 2022 | Auke i prosent | Auke i tal bilete | Tal bilete okt. 2022 |
---|---|---|---|---|---|
Kunst og estetikk | 33 % | 62 % | 29 % | 18 402 | 30 498 |
Biologi | 39 % | 61 % | 22 % | 35 879 | 64 442 |
Sport og spel | 31 % | 60 % | 29 % | 2 657 | 4 585 |
Historie | 31 % | 57 % | 26 % | 8 367 | 19 006 |
Geografi | 28 % | 56 % | 28 % | 10 435 | 21 898 |
Næringsmiddel og hushaldning | 42 % | 53 % | 11 % | 454 | 1 624 |
Teknologi og industri | 23 % | 39 % | 17 % | 5 552 | 10 725 |
Religion og filosofi | 22 % | 39 % | 17 % | 1 886 | 4 528 |
Økonomi og næringsliv | 18 % | 36 % | 18 % | 1 094 | 1 990 |
Realfag | 22 % | 35 % | 13 % | 2 787 | 7 561 |
Språk og litteratur | 19 % | 34 % | 14 % | 4 757 | 8 355 |
Samfunn | 19 % | 33 % | 14 % | 4 106 | 8 313 |
Medisin | 15 % | 24 % | 9 % | 2 139 | 4 977 |
Psykologi | 12 % | 22 % | 10 % | 94 | 207 |
Sum | 45 % | 24 % | 21 % | 193 102 |
Korleis fordeler bileta seg etter lisens?
Mange spør om å få bruke bilete frå SNL. Her er eit overordna oversyn over kva andre kan bruke.
Lisens | Andel | Bilete |
---|---|---|
Begrensa gjenbruk | 45 % | 88 369 |
Creative Commons | 37 % | 72 175 |
Falt i det fri | 16 % | 32 286 |
Begrensa gjenbruk er bilete som i utgangspunktet berre kan brukast av SNL.
Creative Commons kan i hovudsak brukast av alle.
Falt i det fri er gamle bilete som kan brukast av alle.
Artiklar som har fått bilete
Eit lite utval av artiklar som var biletlause i 2018, men som har fått bilete i seg dei siste fire åra (sortert etter lesing).
- narsissistisk personlighetsforstyrrelse
- oligarki
- Beauforts vindskala
- CRP (C-reaktivt protein)
- substantiv
- norrønt
- kvalitativ metode
- lobotomi
- kvantitativ metode
- kortisol
- etos
- cellens oppbygning
- puls
- bærekraftig utvikling
- naturlig utvalg
- nyromantikken
- vaksine
- respirasjonsfrekvens
- adrenalin
- gulsott
- læstadianere
- rusmidler
- kjemisk reaksjon
- Minsk-avtalene
- hydrokarbon
- personlighetsforstyrrelser
- respirasjon (fysiologi)
- osteopati
- mål (arealenhet)
- skoleskip
- Det gamle testamentet
- koronavirus
- dyreceller
- planteceller
- kildekritikk
- nihilisme
- Artiklar frå papirleksikonet
- D-vitamin
- monarki
- folketrygden
- verdenshav
- lyrikk
- samsara
- troponiner
- sjanger
- anafylaktisk sjokk
- Sápmi
- ukrainsk
- endoskopi
- moderne åsatro
- mikroorganisme
- potensiell energi
- dyspné
- dødshjelp
- brannklassifisering
- koldbrann
- Sult
- skjørbuk
- dialekt
- pluralisme (politikk)
- sykepleieprosessen
- integrering
- lepra
- lungeødem
- stasedermatitt
- Donbas
- kolera
- ADL
- holdning
- trøndersk
- kognitiv psykologi
- Norges største breer
- kontinent
- fysiologisk saltvann
- pandemi
- ascites
- melankoli
- friidrett (verdensrekorder og norske rekorder)
- sosial ulikhet (sosial lagdeling)
- hyperkalemi
- Pangea
- gammastråling
- pubertet
- humanetikk
- BDSM
- basalcellekarsinom
- Nasjonaldager
- gjenfødelse
- metallbinding
- renin-angiotensin-aldosteron-systemet (RAAS-systemet)
- dehydrering (medisin)
- eksekutive funksjoner
- benzodiazepiner
- hyponatremi
- etnisk gruppe
- INR (International Normalized Ratio)
- skisma
- empati
- iskemi
- lungebetennelse