Allkunne er blitt del av Store norske leksikon

I 2020 inngjekk Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon eit samarbeid for å få meir nynorsk i SNL. Ein viktig del av samarbeidet var å flytte gode artiklar frå nynorskleksikonet Allkunne inn i SNL, slik at desse artiklane kunne få fleire lesarar.

Det tok godt over eitt år å få flytt over artiklane frå Allkunne til SNL, men 8. juni 2022 vart overflyttinga fullført og nettstaden allkunne.no lagt ned. No er det SNL som er nynorskleksikonet i Noreg.

1803 artiklar frå Allkunne er flytt over til SNL, som nye artiklar eller som utvidingar av eksisterande artiklar. 7000 artiklar frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane er overleverte til Fylkesarkivet i Vestland. Alle artiklane er i tillegg overført til språksamlingane i Bergen og skal bli grunnlag for ordbøker og liknande korpus for nynorsk.

I tillegg til artiklane frå Allkunne har SNL òg omsett eller nypublisert 9900 artiklar på nynorsk dei siste to åra. Alt i alt er det no 17 500 nynorskartiklar i SNL. Til samanlikning var det rundt 26 000 artiklar i Allkunne, men hovudtyngda av desse var svært korte artiklar som opphaveleg kom frå eittbindsleksikonet Caplex.

Målet for samarbeidet mellom Nynorsk kultursentrum og SNL er at fleire skal lese nynorsk. Det har vi lukkast med: Lesartala for nynorskartiklar i SNL er no meir enn fire gongar høgare enn lesinga av heile allkunne.no til saman.

Les meir om kva Allkunne var i artikkelen om Allkunne i Store norske leksikon.

Vi har omdirigert lenker til allkunne.no vidare til riktig artikkel på snl.no, slik at folk som har gamle lenker framleis skal finne fram til det gode innhaldet frå Allkunne.