Det tok oss 37 år, men no har vi ein artikkel om karelianismen

I fagtidsskriftet Bok og Bibliotek i 1985 fekk SNL relativt skarp kritikk fordi vi mangla ein artikkel om karelianisme, ei kunstretning i Finland frå 1890-åra til om lag 1920.

Les heile kritikken (langt grundigare enn dette lille eksempelet) hos Nasjonalbiblioteket.

I førre veke fekk SNL ein artikkel frå Allkunne om karelianismen, som kort tid etter vart oppdatert og utvida av fagansvarleg Morten O. Haugen. Det er sjeldan at det tek oss så lang tid å svare på kritikk 🙂