Leksikontreff ved HVL 9. november

Onsdag 9. november kjem SNL til Høgskulen på Vestlandet for å rekruttere fleire til å skrive i leksikonet. Det er gøy å formidle, og arbeidet kan fint tilpassast andre ting du held på med. Er du forskar og nysgjerrig på leksikonskriving? Kom og møt oss!

Samlinga finn sted i Fyrrommet KV1, Campus Bergen. Det blir fagleg påfyll, gode samtalar og høve til å stille spørsmål til redaksjonen og andre fagansvarlege.

Meld deg på samlinga her. Det er mogleg å delta digitalt.

Store norske leksikon er ein stor og mykje lest nettstad. Opptil 3,5 millionar unike brukarar er innom leksikonet kvar månad. Leksikonet blir skrive og blir kvalitetssikra av 1000 tilknytta fagfolk, der hovudtyngda er forskarar ved eit av universiteta.

Me ser fram til å møte folka våre ved Høgskulen på Vestlandet. Møtet er ope for alle fagfolk som ønskjer å delta, så ta gjerne med ein nysgjerrig kollega! Studentar er òg velkomne!

Er du …

  • ein som allereie bidreg …
  • nysgjerrig på om leksikonskriving kunne vore noko for deg … 
  • eller berre generelt er interessert i forskingsformidling til eit breitt publikum?

Program

  • Fyrrommet KV1, Campus Bergen, kl. 11–12:
    • Velkomst ved prorektor for forskning, Gro Anita Fonnes Flaten (HVL),
    • Innlegg om SNL ved sjefredaktør Erik Bolstad (SNL)
    • Kva vil det seie å vere fagansvarleg? Ved redaksjonssjef Ola Nordal (SNL)
  • Kl. 12 – 13: Lunsj og mingling

Påmelding:

Meld deg på via dette skjemaet: https://forms.gle/bPttwqWDeDPMzz6Y8