Jusleksikon.no blir del av Store norske leksikon

Store norske leksikon har overteke nettstaden Jusleksikon.no, og kjem til å integrere innhaldet i Store norske leksikon. Overtakinga er del av ei større satsing på å forbetre og utvide juss-innhaldet i SNL.

Jusleksikon.no vart starta av Fredrik Ljone i 2012. Det er eit omfattande oppslagsverk med sentrale omgrep frå heile det juridiske fagområdet. Ambisjonane i prosjektet var å sikre fri tilgang til juridisk informasjon for å sikre rettstryggleik, i tillegg til å gjere jussen meir tilgjengeleg, på ein strukturert og lett forståeleg måte. Det er ambisjonar som er samanfallande med SNLs.

Jusleksikon.no har 2302 artiklar, som no vil bli gjennomgått og kvalitetssikra av juristar som er knytte til SNL, før dei blir publiserte på snl.no. Artiklane i Jusleksikon.no vil bli omdirigerte til snl.no når vi har ferdigstilt importen.

Det juridiske innhaldet i SNL har for varierande kvalitet i dag, og det er svært mange omgrep som ikkje er dekte. Juss er no eitt av dei høgast prioriterte områda i SNL, og innhaldet vil bli kraftig utvida i løpet av dei neste par åra. Overtakinga av Jusleksikon.no er ein del av denne satsinga.