Neste haust lanserer vi Lille norske leksikon, eit nytt leksikon med lettlesne tekstar. Det nye leksikonet skal ha artiklar på ei blanding av nynorsk og bokmål, og bør ha både eit nynorsknamn og eit bokmålsnamn. Men bør det heite Lille eller Vesle?
Lille norske leksikon skal vere eit verk med kortare og enklare tekstar. Primærmålgruppa er barn, men det vil òg vere bra for folk som treng enklare tekstar å lese. Leksikonet skal vere på ei blanding av nynorsk og bokmål, nokre artiklar vil vere på nynorsk og andre på bokmål. Vi har forkasta å lage parallellutgåver (altså at ein kan velje mellom nynorsk og bokmål i alle artiklar) fordi det er svært arbeidskrevjande å lage og fordi den offentlege språkpolitikken no tilseier at alle bør møte både nynorsk og bokmål i kvardagen.
Litle norske leksikon: Namnet er relativt likt bokmålsnamnet, det er lett å forstå at det berre er ein variant av det same namnet og at det er snakk om eitt verk. Men «Litle» er ikkje det heilt beste nynorskordet, det er relativt dialektalt og blir av mange rekna som vestnorsk.
Vesle norske leksikon: Namnet er ganske ulike bokmålsnamnet, og det er vanskelegare å forstå at det er snakk om at det er eitt verk som har to namn. «Vesle» er eit flott nynorskord, men på bokmål kan det ha litt nedlatande konnotasjonar, som er dumt når vi skal lage eit verk som er på ei blanding av nynorsk og bokmål.