Kviss med Store norske leksikon og Nynorsk kultursentrum i Ørsta 9. juni 2022

Dei nynorske festspela blir arrangert i Ørsta og Volda 9. til 12. juni 2022. På opningsdagen 9. juni inviterer Store norske leksikon og Nynorsk kultursentrum til kviss på Målbar kl 23:30.

Visste du at Nynorsk kultursentrum er medlem og bidragsytar til Store norske leksikon? Nett no pågår eit stort arbeid med å auke nynorskandelen i nettleksikonet. Denne kvelden på Målbar vil ansvarleg for dette arbeidet hos Nynorsk kultursentrum, Stina Aasen Lødemel, og sjefredaktør Erik Bolstad i Store norske leksikon utfordre deg på små og store kviss-spørsmål medan du nyt god drikke frå Målbaren. Vel møtt! 

Lyst til å vere med? Sjå Facebook.