Dei siste par åra er 1800 artiklar i Store norske leksikon omsett frå bokmål til nynorsk. No har vi analysert kva som har skjedd med lesinga av desse artiklane før og etter omsetjing, og ei førebels oppsummering er at målform har liten innverknad på lesinga.
Vi var spente på om artiklar som vart omsett til nynorsk ville få færre lesarar. Det har ikkje skjedd: I snitt får dei omsette artiklane fleire lesarar etter omsetjing, men har litt lågare vekst enn bokmålsartiklane.
Analyse av omsette artiklar
Vi har sett på korleis lesing av artiklar som er omsette frå bokmål til nynorsk i perioden 2016 til sumaren 2021, har utvikla seg. Dette er artiklar der vi har datagrunnlag for minst 100 dagar etter omsetjing og kan samanlikne dette med den same perioden året før.
I analysen har vi fjerna mange artiklar fordi dei av ulike grunnar forkludrar resultata eller er lite signifikante. Analysen er gjord på 441 artiklar. Desse 441 artiklane vart lesne til saman 312 000 gongar i løpet av dei 100 dagane etter omsetjing. Til samanlikning vart dei lesne 277 000 gongar i den same perioden året før. I sum har altså artiklane auka 12 prosent i lesing etter omsetjing.
Men: Leksikonet aukar i lesing kvart år. Dersom vi korrigerer for den ålmenne auken i lesinga av leksikonet, ser vi at artiklane som er omsette, har 1,5 prosentpoeng lågare auke i lesing enn andre artiklar. Dette er eit lågt tal og truleg ikkje signifikant fordi datagrunnlaget er for lite.
Mange av artiklane blir svært mykje betre samtidig som dei blir omsette til nynorsk. Nokre av dei blir vesentleg lengre (når ein kort bokmålsartikkel frå SNL blir erstatta av ein lengre artikkel frå Allkunne), mange av dei får bilete, betre formatering og fleire lenker. Desse endringane gjer resultata vanskelegare å tolke, ideelt sett burde vi berre omsett artiklane for å kunne analysere om språk har innverknad på lesinga.
Vi har eit litt for tynt datagrunnlag, men vi forsøker oss likevel på ein førebels konklusjon om at omsetjing til nynorsk samla sett har liten verknad på lesinga.
Vi er usikre på konklusjonen: For nokre artiklar ser vi relativt stor nedgang i lesing etter omsetjing, men dette kan ofte forklarast med pandemien (den fyrste nedstenginga i mars og april 2020 hadde enorm verknad på lesartala våre), nyheitssaker eller TV-seriar. I andre tilfelle ser vi stor auke. Når vi får litt større datagrunnlag, vil vi kunne gje ein betre analyse.
Metode
Vi gjer ein automatisk analyse av nyleg oppdaterte artiklar kvar natt, mellom anna for å sjekke målform. Dersom artiklane inneheld typiske nynorskord som «ikkje» eller «Noreg» får dei eit nynorskpoeng, medan typiske bokmålsord gjev bokmålspoeng.
Totalt 1837 artiklar er omsette frå bokmål til nynorsk i perioden 2016 til sumaren 2021. Analysen er gjort på 441 artiklar. 1393 artiklar er fjerna fordi dei har låge lesartal (anten under 30 sidevisningar i perioden før omsetjing eller etter omsetjing). 3 artiklar er fjerna fordi lesartala vart sterkt påverka av pandemien. Dei 441 artiklane har 200 datapunkt kvar (sidevisningar per dag), til saman 88 200 datapunkt. Dei er samanlikna med 200 datapunkt for 182 000 artiklar, til saman 36 millionar datapunkt.
Vi har så samanlikna lesartal for artiklane 100 dagar etter omsetjing med den same perioden året før. Artikkelen om hinduisme vart for eksempel omsett frå bokmål til nynorsk 28. oktober 2020. Vi har då summert saman lesartal for denne artikkelen for perioden 29.10.2020 til 5.2.2021 (100 dagar etter omsetjing) og har samanlikna dette med data for perioden 29.10.2019 til 5.2.2020.
Samanlikningane mellom lesing av nynorskartiklane og heile leksikonet er gjord for dei same periodane. I hinduisme-eksempelet er altså utviklinga i lesing av hinduisme-artikkelen samanlikna med lesing av alle artiklar i dei same periodane.
Dei mest lesne nynorskartiklane i SNL
- hinduisme
- svartedauden
- Land i Europa
- Ivar Aasen
- Jesus
- norsk språkhistorie
- energi
- norrønt
- Immanuel Kant
- Nelson Mandela
- tungtvannsaksjonen
- protestantisme
- nynorsk
- pandemi
- Kina
- anafylaktisk sjokk
- Den islamske staten (IS)
- helse
- dialekt
- nordnorsk
- sosiolekt
- trøndersk
- Håvamål
- mellomnorsk
- jernteppet
- anafylaksi
- Norsk Ordbok
- kasus (grammatikk)
- norsk alfabet
- Ludwig van Beethoven
- Max Weber
- abiotiske faktorar
- histamin
- elementærpartikkel
- Voluspå
- poliklinikk
- kløyvd infinitiv
- asket
- vestnorsk
- Pride
- Kleopatra
- subjektiv
- borgerrettsbevegelsen
- Gunnlaug Ormstunges saga
- biotiske faktorar
- lemenår
- Johann Sebastian Bach
- morfologi (grammatikk)
- produsent (biologi)
- Peter Wessel Tordenskiold
- infinitiv (grammatikk)
- hygiene
- Aasmund Olavsson Vinje
- Harald 5.
- anamnese (medisin)
- Ålesund
- Åsgårdsrei
- jamstillingsvedtaket
- Heimskringla
- dialekter i Nordland
- preteritum
- Tarjei Vesaas
- satellitt
- Magnus Lagabøters landslov
- landsmål
- epikrise
- diagnose
- Halldis Moren Vesaas
- dialekter i Sogn og Fjordane
- parasitt
- dialektar i Østfold
- dialekter og språk i Troms
- kvitveis
- Graham Greene
- Kjell Askildsen
- studentopprøret
- humaniora
- dialekter og språk i Finnmark
- Tore Renberg
- Kåre Mol
- blåveis
- Oskar Braaten
- Høyesterett
- atopi
- albedoeffekt
- ordbok
- romani
- incel
- norvagisering
- nøkkelart
- Den store nordiske krigen
- fele
- høysnue
- Johan Falkberget
- Kygo
- endringar i norske dialektar
- helseføretak
- likeverd
- kongruens (grammatikk)
- Galdhøpiggen