Noregs største arkitekturleksikon

Dei siste to åra har ei gruppe arkitektar, med Per Rygh i spissen, oppdatert mange tusen arkitekturartiklar i Store norske leksikon. Artikkelbasen i SNL om arkitektur er blitt det aller største oppslagsverket om arkitektur som er laga i Norden nokon gong.

I 2019 fekk Store norske leksikon (SNL) overta dei digitale publiseringsrettane til Arkitekturleksikon. Dette bokverket vart skrive av arkitekt Arne Gunnarsjaa, og gjeve ut på Abstrakt Forlag.

Arkitekturleksikon var då det kom ut, det største leksikalske oppslagsverket om arkitektur som var gjeve ut i Norden nokon gong. I 2021 fullførte vi ein stor import der dei fleste av artiklane vart importert til SNL. Nokre av artiklane er nye oppslag i SNL, andre har blitt samskrive med oppslagsord vi hadde frå før, men var lite utbygd. Undervegs har mange av artiklane vorte utvida og oppdatert av dei fagansvarlege for arkitektur i leksikonet, Per Rygh, Ketil Moe, Ulf Grønvold, Anne Margrethe Sørseth og Helle Brænd Rabbås. Arkitekturleksikon hadde svært gode teikningar av kjende bygg, teknikkar og arkitektoniske omgrep, teikna av Gunnarsjaa sjølv. Desse teikningane har verkeleg gjort arkitekturstoffet vårt lettare tilgjengeleg for lesarane. I samband med importen er det lagt inn fleire tusen fotografi, som saman med teikningane har gjort leksikonet rikare og vakrare.

Arne Gunnarsjaa var mest kjend som forfattar av verka Arkitekturleksikon, Arkitekturhistorie, Norges arkitekturhistorie og Arkitekturguide for Norge og for å ha vore domkirkearkitekt ved Nidaros domkyrkjes restaureringsarbeider frå 1989 til 2006.

Kvifor satsar SNL på arkitektur?

Arkitekturstoffet i SNL var tidlegare relativt ujamnt. Noko var svært bra, andre område fanst ikkje, medan nokre artiklar var direkte dårlege. No er heile dette området i langt betre stand enn tidlegare.

Arkitekturen er uttrykk for skiftande stilretningar i tida, og eitt av dei beste uttrykka for samtidshistoria. Bygningane som er rundt oss påverkar oss, dei skapar debatt og arkitekturen pregar både bygd og by. Då skulle det berre mangle at eit fagredigert leksikon som SNL er gode på dette feltet òg.

Satsinga på arkitektur er ikkje avslutta. Mange av artiklane er blitt veldig mykje betre, men ein del arbeid står framleis att. Dersom du er arkitekturkyndig og har relevant fagbakgrunn kan du bidra i SNL.