Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon​

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman om ei satsing har talet på nynorskartiklar skote i vêret. 

I 2020 inngjekk Nynorsk kultursentrum eit samarbeid med Store norske leksikon. Målet var å auke nynorskinnhaldet i SNL, slik at fleire møter nynorsk i kvardagen. Som ein del av satsinga vart nynorskleksikonet Allkunne ein del av SNL. No er jobben med å flytte Allkunne-artiklane inn i SNL ferdig, allkunne.no er lagd ned og SNL har 17 500 artiklar på nynorsk.  

– Dette er det viktigaste arbeidet stiftinga gjer for å nå 16-åringar med nynorsk som hovudmål og alle andre som treng påliteleg innhald på nynorsk på nett. Våre medarbeidarar har saman med tilsette i Store norske leksikon gått gjennom kvar einaste artikkel, oppdatert innhaldet og gjort dei tilgjengelege for lesarane, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.  

Bakgrunnen for samarbeidet var ei semje om at det gode innhaldet frå Allkunne fortente å nå ut til eit breiare publikum, som det gjer i SNL. SNL er Noregs største nettstad for kunnskapsformidling, med 600 000 lesne artiklar kvar dag. I tillegg var det eit ønske om å eksponere folk for begge dei norske skriftspråka som ein naturleg del av språkmangfaldet vi har her i landet.  

– I tillegg er samarbeidet ei sikring av at den nynorske kulturhistoria blir dokumentert, seier Sandsmark. Med å ta i bruk både nynorsk og bokmål på alle fagområde i leksikonet styrkjer vi også norsk fagspråk og terminologi.   

Den store auken speglar seg også i lesartala. I år vil det bli lese om lag 3,5 millionar artiklar på nynorsk på snl.no. Ein viktig og sjølvforsterkande effekt av samarbeidet er at fleire forfattarar og fagansvarlege no tek initiativ til å skrive på nynorsk. Førebelse analysar viser at det har lite å seie for lesinga av artiklane om dei er skrivne på nynorsk eller bokmål, ifølgje Bolstad.   

Og fleire skal det bli. Framover skal institusjonane jobbe systematisk for endå meir nynorskinnhald i SNL. Målet er å doble talet på nynorskartiklar.  

– Kunnskapsformidling på nynorsk er eit viktig satsingsområde for oss, sjølv om vi ikkje lenger driv eige leksikon. Gjennom samarbeidet med SNL skal Nynorsk kultursentrum bidra med dokumentasjon av den nynorske kulturhistoria, artikkelskriving og språkrettleiing og omsetjing av artiklar frå bokmål til nynorsk, avsluttar Sandsmark.