I 2020 starta Store norske leksikon eit stort arbeid med å auke talet artiklar på nynorsk i leksikonet. Målet er å auke representativiteten og få fleire til å lese nynorsk.
SNL har tidlegare undersøkt konsekvensane av omsetjing av artiklar frå bokmål til nynorsk. Vi var spente på å sjå om lesinga av artiklane endra seg når dei vart omsette. Vi samanlikna lesing av fleire tusen artiklar hundre dagar før og etter omsetjing, og kunne konkludere med at målform ikkje hadde innverknad på lesinga.
Forskarane Stig J. Helset (Høgskulen i Volda) og Trude Bukve (Høgskulen på Vestlandet) fekk tilgang til dette datasettet. I tillegg fekk dei lage eit spørjeskjema på fleire artiklar på snl.no der dei ynskte å sjå på haldningar til målform i artiklane.
Forskinga er publisert i siste utgåve av det vitskaplege tidsskriftet Maal og Minne.
Ikkje samanheng mellom målform og lesing
Studieen ser på korleis språket i leksikonartiklar kan påverke lesing. Rapporten ser på to hovudaspekt: sidevisningar og lesetider for artiklar på bokmål og nynorsk, i tillegg til ei spørjeundersøking om haldningane lesarane hadde til desse språka.
Datagrunnlaget viser at det ikkje er nokon signifikant skilnad i lesarval basert på språkversjonane av artiklane, det vil seie at valet om å lese artiklar på bokmål eller nynorsk synest å vere motivert av interesse for innhaldet i artikkelen snarare enn målform. Dette indikerer ein grunnleggjande aksept av båe språkformene blant SNL-brukarane, uavhengig av dei personlege språkpreferansen deira.
Spørjegranskinga gav meir detaljert innsikt i haldningane til bokmål og nynorsk. Medan det var få skilnader i implisitte haldningar til dei to skriftspråka, viste det seg at eksplisitte haldningar favoriserte bokmål. Dette kan reflektere ein breiare sosial og kulturell preferanse som favoriserer bokmål, noko som truleg heng saman med den dominerande statusen det har. Skilnader i haldningar vart òg observerte mellom ulike demografiske grupper, med varierande preferansar baserte på faktorar som geografisk tilhøyrsle og kanskje alder.