Det er mange som er innom leksikonet ei tid og skriv nokre artiklar før dei gjev stafettpinnen vidare. Så har du dei som blir år etter år. Unni Vik er ein av dei. No skiftar ho ham frå fagansvarleg til redaktør.
Det var ein gong på seinhausten i 2013 eg kontakta Unni for å høyre om ho kunne tenkje seg å hjelpe til med plantene i leksikonet. Det tok berre nokre minutt før responsen kom. Timinga var perfekt. Unni var nett i ferd med å ferdigstille doktorgraden. Formidlartrongen kunne få prioritet.
Som vanleg skulle ho starte med eit begrensa fagansvar, og ettersom ho hadde arbeidd med ein art i rosefamilien fekk ho ansvar for nett den familien. Kor mange artar kunne det vere snakk om, liksom? Det viste seg å vere mange. Det meste er roser. Sidan den gong har ho arbeidd jamnt og trutt i ti år. For leksikoninteressen var ikkje berre umiddelbar, han var varig. No er ho tilsett som redaktør.
Hei Unni, velkommen!
Takk 🙂
Kva trekk deg frå universitetet til Store norske?
Leksikonet er eit heilt fantastisk prosjekt som det er veldig gøy å vere del av og som det er eit privilegium å få vere med på å utvikle vidare. Du får jobbe med dei beste folka, fagansvarlege og redaktørar, det er kanskje det som trekk mest. Respekten for fag og fagkunnskap heng høgt her.
Så kva skal du i gong med?
Eg byrjer så smått som redaktør for nokre av dei områda eg sjølv har vore fagansvarleg for, og som eg kjenner godt, og så er vel tanken at eg skal ta over botanikken og noko meir realfag. Vi får sjå.
Eg skal òg jobbe med teknisk utvikling og freiste å automatisere ein del oppdateringar. Til eksempel er planen at vi automagisk skal kunne hente status for raudlista og framandartslista frå Artsdatabanken sine nettsider. Så slepp universitetstilsette fagansvarlege trebarnsmødrer som meg å oppdatere lange remser med artiklar kvar gong Norsk raudliste blir oppdatert.
Den same metoden kan ein nytte på mange felt. Har ein strukturerte data og eit godt API, er det beste å importere og presentere maskinelt. Med god bruk av robotar og automatisering kan fagfolka bruke tida på det dei kan best.
Et trudde botanikarar rota mest i jorda?
Vi roter i koder òg. I doktorgraden min jobba eg mykje med DNA-sekvensering, og da blei det mykje bioinformatikk og biostatistikk, som jo er koding.
Det er ikkje alltid lett å kjenne kompetansen til fagfolk. Ein identifiserar ofte forskarar med forskningsobjektet framfor metodane. Her om dagen snakka eg med ein arkeolog. Ho jobba med geofysisk radar.
Sjølv har eg aldri sett bakteriane eg har jobba med, eg har berre sett DNA-sekvensane deira på ein skjerm. I SNL kjem det til å gå mykje i SQL, det er eit språk eg ikkje har jobba med, men det ser greitt ut å forhalde seg til.
Kva er den største overgangen frå fagansvar til redaktørarbeid?
Det er eit perspektivskifte frå å konsentrere seg om eige fag til det heilskapelege samfunnsperspektivet som leksikonet har. Men det er òg interessant å sjå korleis ein jobbar ulikt med forskjellig stoff og fagansvarlege frå ulike felt. Og det er interessant å vere med å ta valg om kva for artiklar ein skal prioritera med begrensa ressursar.
Trur du det er ein fordel for deg at du kjenner så godt til fagansvarrolla?
Det er nyttig å ha med seg begge perspektiv. Ein kan sjå alle oppgåvene både frå fagansvarsida og redaktørsida. Eg trur òg det kan være fint for fagansvarlege å vite at eg har jobba som dei i lang tid.
Kva gjer du når du ikkje held på med leksikon?
Då er det mykje familie med ungar på 7, 5 og 2. Vi er glade i å være ute i naturen. Ellers blir det skriving. Eg skriv sakprosa for barn og unge. I fjor ga eg ut boka Kan bakterier bæsje?
Kan dei?
Bakteriar kan bæsje masse gøy. Dei kan bæsje antibiotika. Dei kan bæsje gull!
Jøss! Blir det fleire bøker?
Eg gjeng på NFFOs forfattarskule for sakprosa. Eg håpar det kjem ei bok om sopp om ikkje lenge. Meir vil eg ikkje seie.
Er vi flinke nok til å formidle naturfag?
Før eg kom til leksikonet jobba eg med naturfag på barnehagelærarutdanninga ved OsloMet. For ein biolog er det interessant å sjå kva studentane har fått med seg frå skulegongen og kva som ikkje sitter. Til eksempel er fotosyntese noko alle har lært om men det er mange sentrale poeng som folk gløymer eller aldri forstår. Eg trur den erfaringa er nyttig for meg i leksikonarbeidet.
Du har forska på sopprot. Kva er det?
Soppen koblar seg på røtene til planter å hjelper dei å suge opp vatn og mineralar. Til gjengjeld får soppen karbon frå plantene som soppen treng for å vakse. Det er ein form for samarbeid som enkelte gongar kan grense til parasittisme. Nokre soppar berre dreg næring frå plantene medan andre gjev mykje attende. Nokon av dei er spesialistar medan andre er generalistar. Det er stor diversitet.
Er det noko slikt du skal gjere når du koblar SNL på nettøkologien og maskinelt hentar data frå ulike nettstader til SNL?
Kallar du meg ein parasitt? Vel, kanskje ein slags Robin Hood-parasitt som finn informasjon og omstrukturerar det til kunnskap til alle, fritt og tilgjengeleg.
Hell og lykke!