37 vil bli den nye økonomi-redaktøren i SNL

For nokre veker sidan lyste vi ut stilling som redaktør med ansvar for økonomi, og no har vi fått ein stor og fin søknadsbunke å lese oss gjennom!

Det kom 37 søknader til den ledige stillinga, og det er veldig mange gode folk i bunken! Det er verkeleg hyggeleg å lese alle dei gode søknadene.

Alle søkjarane fekk e-post med stadfesting om at søknaden er motteke 31. oktober. Dersom du har søkt og ikkje fått e-post frå oss kan du ta kontakt med redaksjonen@snl.no.

Det vil ta litt tid å lese gjennom søknadene, men vi reknar med å kalle inn dei fyrste til intervju i neste veke. I løpet av november og desember håpar vi  annonsere kven som skal bli med og ta Store norske leksikon til nye høgder!