40 % av dei fagansvarlege i SNL er kvinner

Redaksjonen i Store norske leksikon har hatt som ambisjon å få fleire kvinnelege fagansvarlege i mange år. No har vi nådd ein viktig milepæl: Over 40 prosent av dei fagansvarlege er kvinner.

På ti år har vi gått frå 24 prosent kvinnelege fagansvarlege til 40 prosent. Det er vi stolte av! Det er no 471 kvinner blant dei fagansvarlege i SNL, fleirtalet av desse er forskarar ved eitt av universiteta.

Det er diverre vanskelegare å få kvinner enn menn til å drive formidling i oppslagsverk. Wikipedia har for eksempel berre 10–15 prosent kvinner blant bidragsytarane sine.