Vil du bli ein del av verdas beste leksikonredaksjon?

Store norske leksikon har plass til ein ny person i redaksjonen: Ein redaktør med ansvar for fagområdet økonomi. Vi ser etter ein kunnskapsrik og ambisiøs person som brenn for kunnskapsformidling, diggar leksikon (og som er hyggeleg å spise lunsj med 🙂 ).

Fagområdet økonomi i SNL treng eit løft. Dei siste åra har vi arbeidd oss gjennom prioriterte kategoriar i leksikonet og heva kvaliteten på innhaldet betrakteleg. Eksempel på slike satsingar er medisinstoffet (som no er lese 19 millionar gongar i året!) og juss (som har tredobla lesartal etter at vi starta satsinga). No er tida komen for å røske litt skikkeleg i økonomistoffet vårt.


Store norske er eit unikt kunnskapsprosjekt. Vi er eitt av få nasjonalleksikon som har klart overgangen til ein digital tidsalder med ein open publiseringsmodell og høge lesartal. Vi ynskjer å bidra til å gjere det norske internettet betre, ved å gjere kvalitetssikra kunnskap lett tilgjengeleg for folk. Vi har opp mot 3,5 millionar unike brukarar i månaden, og artiklane våre vil bli lesne rundt 115 millionar gongar i år. Mykje av innhaldet i leksikonet er no svært godt, men vi har eit stort etterslep av artiklar som burde vore mykje betre. Vil du vere med på det?

Det er ingen i den faste redaksjonen som skriv artiklane i leksikonet. Vi er arbeidsleiarar, redigerarar og inspiratørar for 1200 fagansvarlege og forfattarar.

Redaksjonen sit i Grensen 3, like ved Stortorget i Oslo. Vi har ikkje ope landskap, men 2-6 personar på kvart kontor; det er sosialt og hyggeleg, men likevel roleg nok til konsentrasjon. Vi reiser relativt mykje – mest til universiteta for å møte fagansvarlege, men også til utlandet for å møte kollegaer. Redaktørane har stor fridom i arbeidskvardagen.

Vi vil gjerne at du set deg inn i jobben før du søkjer:

Tips til søknaden:

Skriv eit søknadsbrev der du fortel om deg sjølv, kvifor du trur at du passar til stillinga, kva du kan tilføre redaksjonen og leksikonet og kvifor du har lyst til å arbeide hos oss. Dersom du har utdanning i økonomi eller samfunnsøkonomi er nok det ein fordel, men anna relevant bakgrunn kan kompensere for utdanning. Vi er særleg opptekne av språkkompetansen din, erfaring du har med tekstarbeid og digital erfaring.

Les stillingsutlysinga grundig. Les årsmeldinga vår og dei andre lenkene du finn over. Ikkje skriv den same søknaden som du har brukt andre stader tidlegare: Fortel oss kvifor du har lyst til å arbeide i leksikonet! Gje oss gjerne også kritikk – kva tykkjer du kan bli betre?

CV-en din bør gje oversyn over yrkeserfaring, utdanning og anna relevant erfaring, og fødselsåret ditt må vere med. Skriv om språk du kan (særleg bokmål og nynorsk). Om du har fleirkulturell bakgrunn, eller har annan kompetanse som er særleg relevant for oss, bør det gå klart fram. Om du brenn for ei spesiell sak, er det òg ein god ting å framheve.

Du treng ikkje sende oss vitnemål eller attestar i fyrste runde, men legg gjerne ved eksempel på formidlingsarbeid du har gjort. Vi kjem heller ikkje til å sjekke referansar før du har vore på intervju minst ein gong. Vi har ikkje offentlege søkjarlister, og namnet ditt blir ikkje publisert nokon stad.

Tips om ting som gjer at vi hoppar over søknader: Mange skrivefeil eller dårleg språk, gjenbruk av søknader som er sendt andre stader, søknader som manglar CV eller søknadsbrev og søknader på engelsk.

Gå til utlysinga på finn.no (det er der du skal sende inn søknaden)

Søknadsfrist: 30. oktober 2024

Halve redaksjonen