Nynorskleksikonet SNL

SNL har no nådd tre viktige milepælar i satsinga på meir nynorsk i leksikonet: Det er no over 20 000 artiklar på nynorsk, det er meir enn 100 nynorskartiklar i kvar einaste hovudkategori, og i tekstmengd er no SNL eit større nynorskleksikon enn det Allkunne var.

Allkunne var eit nettleksikon som vart gjeve ut av Nynorsk kultursentrum. I 2020 tok Nynorsk kultursentrum kontakt for å få til eit samarbeid der SNL tok over delar av innhaldet frå Allkunne. Ambisjonen var å få fleire til å lese det gode innhaldet frå Allkunne, og at fleire skulle lese nynorsk. I 2021 og 2022 vart mange artiklar frå Allkunne overført til SNL.

SNL er blitt større enn Allkunne!

Det var 25 000 artiklar i Allkunne, så i tal artiklar er det framleis færre nynorskartiklar i SNL enn det det var i Allkunne. Men vi er på god veg: på 3,5 år har vi fått 18 000 fleire nynorskartiklar i leksikonet.

Men i tekstmengd er det no faktisk meir nynorsk i SNL enn det det var i Allkunne. Mange av artiklane i Allkunne var svært korte. I sum var artiklane i Allkunne på 23 938 719 teikn. Ved årsskiftet var nynorskartiklane i SNL på til saman 25 811 020 teikn. Det er no altså 7 prosent meir nynorsk i SNL enn det var i Allkunne.

6,2 millionar lesingar av nynorskartiklar i 2023

Lesing av nynorskartiklar i SNL

Målet for samarbeidet med Nynorsk kultursentrum er å få fleire til å lese nynorsk, og det har vi fått til: I 2023 vart nynorskartiklane lesne 6,2 millionar gongar, og den gode veksten frå tidlegare år held fram.

Mest lesne nynorskartiklar

  1. stjerneteikn
  2. hinduisme
  3. Land i Europa
  4. svartedauden
  5. Ivar Aasen
  6. norsk språkhistorie
  7. Jon Fosse
  8. Odvar Nordli
  9. energi
  10. Jesus
  11. norrønt
  12. nynorsk
  13. dialekter i Noreg
  14. hjernen
  15. Immanuel Kant
  16. Fadervår
  17. Nelson Mandela
  18. ikkje-binær
  19. elveblest
  20. bunadskategoriar
  21. protestantisme
  22. tungtvannsaksjonene
  23. Wall Street-krakket i 1929
  24. dampmaskin
  25. pride
  26. SWOT-analyse
  27. femfaktormodellen
  28. gresk alfabet
  29. karbon
  30. vann
  31. Sápmi
  32. urnordisk
  33. norsk alfabet
  34. Hellas
  35. Trygve Bratteli
  36. molekyl
  37. dialekt
  38. næringskjede
  39. Allkunne
  40. kjemisk reaksjon
  41. Grunnlova
  42. hamstrings
  43. hydrogen
  44. norsk julemat
  45. Einar Førde
  46. mellomnorsk
  47. Kina
  48. furu
  49. samnorsk
  50. anafylaktisk sjokk

Lesetips: Dei beste artiklane på nynorsk i SNL