Torsdag 12. september er det offisiell lansering av Vesle norske leksikon – eller Lille norske leksikon som det heiter på bokmål.
Det er to lanseringar:
- Ei lansering for skuleelevar over heile landet, torsdag 12. september kl 12:00–12:35. Lanseringa skjer på Elevkanalen og YouTube.
- Ei lansering for vaksne, forfattarane, støttespelarar og vener av leksikonet torsdag 12. september kl 16:00–17:30. Det er framleis nokre ledige plassar.
Vi er enormt stolte av det nye verket! Ambisjonen har vore å skape eit fritt tilgjengeleg og gratis oppslagsverk med enkel tekst. I Vesle norske leksikon kan ein lære litt om mange tema. Artiklane skal fortelje det aller viktigaste på inntil 2500 teikn. Dersom ein vil fordjupe seg, kan ein lese vidare om temaet i Store norske leksikon.
Føremålet med Vesle norske leksikon er altså forenkling: Å få sagt det viktigaste om eit emne, og å gjere det tilgjengeleg og forståeleg for barn, folk som ikkje er så gode i norsk, har lesevanskar eller av andre grunnar treng enklare tekst.
Leksikonet er kvalitetssikra av ekspertar. Ekspertane er fagansvarlege i Store norske leksikon, der hovudtyngda er forskarar ved universiteta. Elevar frå heile landet har også sjekka at tekstane er gode.
Vesle norske leksikon blir gjeve ut av foreininga Store norske leksikon, som er eigd av norske universitet og høgskular, og fleire ideelle stiftingar.
Leksikonet opna for lesarane før sumaren i 2024, men med offisiell lansering i september 2024.
Du kan utforske det nye leksikonet på lille.snl.no. Der kan du søkje, eller bla gjennom alfabetiske lister over artiklane.
På lillenorske.no finn du ei tematisk inndeling av artiklane.
Vesle norske leksikon vil stadig vekse. Nett no er det over 2200 artiklar, noko som gjer det til Noregs (og kanskje Europas) største sakprosaprosjekt for barn nokosinne.