172 vil bli historieredaktør i SNL

For nokre veker sidan lyste vi ut stilling som vikar for historieredaktøren vår, og no har vi fått ein overraskande stor og fin søknadsbunke å lese oss gjennom!

Det kom 172 søknader til den ledige stillinga, og det er veldig mange gode folk i bunken! Det er verkeleg hyggeleg å lese alle dei gode søknadene. Tusen takk til dykk som har søkt – vi gler oss til å lese!

Alle søkjarane fekk e-post med stadfesting om at søknaden er motteke 2. juni. Dersom du har søkt og ikkje fått e-post frå oss kan du ta kontakt med redaksjonen@snl.no.

Det vil ta litt tid å lese gjennom søknadene (172 søknader er ein solid stabel!). Vi reknar med å kalle inn dei fyrste til intervju i løpet av to veker. Vi håpar å kunne annonsere kven som skal bli med og ta Store norske leksikon til nye høgder før sumarferien.